ALDERDOM: Diktsamlinga har som føremål å førebur oss på alderdomen, skriv Johannes Kleppa.
Frank May
Dikt for alderdomen
Det er ikkje så ofte ei diktsamling har eit bestemt tema eller ei bestemt målgruppe, men det har denne. «Dikt for eldre» er undertittelen, og det inneber ikkje at dikta berre er slike som kan passa for eldre folk, men det er dikt om det å verta og å vera gamal.
Kristent tankeunivers
Det er dikt som førebur på alderdomen, om livet som gamal og å innsjå at livet går mot slutten. Tanken er at det bør vera som ei overgangsrite til å verta gamal, som det ved konfirmasjonen er for inngangen til vaksenlivet.