KORN: Det er på grensa til at me ikkje kunne ha sagt: Gje oss vårt daglege korn. For kornet og brødet kan nesten ikkje skiljast frå kvarandre. Kornet er basis for svært mykje av maten vår, skriv Paul Odland i bokmeldinga om «Kornboka».

Boken om korn – veksten som ga oss tro, brød og øl

Keopspyramiden vart bygd for meir enn 4.500 år sidan, og er det einaste av antikken sine sju underverk som ennå står.

I det 146 meter høge monumentet gjekk det med 2,5 millionar steinblokker, kvar på om lag 2,5 tonn. Historieskrivaren Herodot fortel at prosjektet gjekk over 20 år, med om lag 100.000 arbeidarar, i hovudsak den delen av året då dei ikkje arbeidde på åkrane.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kvar einskild i denne flokken trong minst ein kilo brød og to mugger øl kvar dag. Kor mange møller som trengtest til å mala kornet, og folk til å baka alle brøda, og bryggja all drikka, og til å servera alt dette, er vanskeleg å sjå føre seg. Men det vert ufatteleg høge tal!

Keopspyramiden er eit brødmonument, meinte den sveitsiske arkeologen Max Währen.

Dagleg brød – dagleg korn

Forfattaren tek dette med i innleiinga som eit artig døme på kor sentralt korn og brød er, og kor avhengige me alle er av det. For brød og drikke treng me alle, om enn me driv på med mykje mindre prosjekt enn steinpyramidar.

Me treng det dagleg, slik Vår Herre har lært oss å be: Gje oss vårt daglege brød.

Det er på grensa til at me ikkje kunne ha sagt: Gje oss vårt daglege korn. For kornet og brødet kan nesten ikkje skiljast frå kvarandre. Kornet er basis for svært mykje av maten vår.

Anmeldt/Bok

Åsmund Bjørnstad

Kornboka

Brødets og ølets historie

Dreyers forlag Oslo 2021

Innbunden, 348 sider

No har professor emeritus Åsmund Bjørnstad (fødd 1951) spandert på oss ei praktbok om korn og brød. Han skreiv også både i 2005 og 2010 bøker ut frå same tema.

Denne nye boka er oppdatert med det siste innan genetikk, forsking og arkeologi, og her er rikeleg også med kultur og kunst som handlar om korn og brød.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ikkje minst i den store boka, Bibelen, les me mykje om dette. To døme: Josef som hadde høg stilling hjå Farao i Egypt, og som samla korn i sju gode år, for å kunne hjelpa folket då dei sju magre åra kom. Og i Det nye testamente; brødunderet, der Meisteren metta fleire tusen ut frå ei nistepakke.

I språket vårt finn me ei lang rekke ord og omgrep med brød eller korn i. Døme: Levebrød, å brødfø, å ha i sitt brød. Eller når det gjeld trykksaker; brødtekst.

Berekraftig utvikling

Bjørnstad skriv at han vonar boka kan bli brukt i skulen i tverrfagleg utdanning, særleg om det som «alle» no snakkar om; berekraftig utvikling.

Han brukar god plass til å gjennomgå ei mengd kornslag; både dei kjende som kveite, bygg, havre, rug, ris, mais. Men også mindre kjente som sorghum, hirse og afrikansk ris.

Det er nesten så ein kjenner den gode eimen av nysteikt brød.

Stoffet er henta frå ulike tidsepokar, og frå dei fleste delane av verda. Naturlegvis fordi ein alltid og alle stader har vore avhengig av korn og brød og drikke.

Mellom mykje anna fortel Bjørnstad også om år og periodar med hungersnaud ulike stader. I Irland 1845–46, Finland 1869–70, og han refererer Gustava Kielland når ho fortel om året utan korn, som ikkje minst råka Drammensområdet hardt (1812–13).

Evangelisten Johannes

Alt saman er gjennomillustrert, med grafar, teikningar, relieff, fotografi. Med smakfull layout, og i stort format. Det er nesten så ein kjenner den gode eimen av nysteikt brød...

Og kanskje kjem boka i veldig rett tid, medan me «alle» er opptekne av den grøne bølga, av økologiske produkt, av kortreist mat, av både norsk og internasjonalt landbruk. Bjørnstad spør mellom anna om me kan tilpassa plantene til klimaendringane.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Heilt til slutt har Bjørnstad ein talande og festleg sluttsats. Når det gjeld historier om korn, seier han som evangelisten Johannes: Skulle det skrivast opp, kvar ting for seg, trur eg ikkje heile verda kunne rømma dei bøkene som då laut skrivast!