Anmeldelser
Fyrebilsbibelen: Sidan riksmålsbibelen frå 1904 var såpass nær dansk reknast den nynorske Fyrebilsbibelen ofte som den fyrste bibelen på norsk.
Høgskulen i Volda
Då Guds Ord vart (ny-)norsk
Boka om førebelsbibelen er eit verdig minneskrift over ei ekstraordinær tid i norsk målreising.
Dette er soga om det «merkelegaste tiltaket Studentmållaget har gjort». Nærare sagt: Det var «Bibelnemndi åt Studentmållaget i Oslo» som tok initiativ til at Noreg, slik som Tyskland og dei andre nordiske landa, skulle få ein bibel på mors- og folkemålet.
Berre at det hos oss hende nære på 400 år for seint. Draumen til dei svært unge medlemene i denne «nemndi» var at utgåva skulle vera ferdig til reformasjonsjubileet i 1917 (sidan det ikkje lukkast til 100-års markeringa av Grunnlova i 1914).
Men det skulle gå endå fire år før dei siste aktørane i ei lang rekkje ressurspersonar, nemleg Gustav Indrebø og Peter Hognestad, kunne pusta ut. 15. juli 1921 såg det som populært vart kalla Fyrebilsbibelen dagsens ljos. Det rettferdiggjorde ei heil førsteside i Gula Tidend med overskrifta: Den fyrste bibelen paa norsk.