OPEN HEIM: Elisabeth Kindervåg Husveg og Gudmund Husveg har starta Fokus (ope hus) i heimen sin på Sirevåg. Her kjem det nyfrelste og nyfikne på tru.
        Helene Reite Uglem
    
    Stille vekking på Jæren: Dei opna heimen for nye i trua
    Dette er familien Husvegs kristne fellesskap no: Å ha ein open heim for dei som lurer på tru og Jesus, men også å disippelgjere dei som er nye på vegen.
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    Noah Ueland har eit tatovert kors bak øyret og har eit stort smil om munnen. På den svarte T-skjorta står det «Trust in the Lord».
Før mislikte han alt som «lukta kristenmanns blod». 
No kjem han inn i heimen til Gudmund og Elisabeth Husveg i Sirevåg på Jæren. Ein trebarnsfamilie som har opna heimen sin for dei som er nye i trua eller som berre er litt nyfikne på det.