JÆREN: Firebarnsmor Alise Haver (28) og dottera Sanne (2) på barseltapas i Stokkalandsmarka kyrkjelydshus.
Helene Reite Uglem
Starta «barseltapas» i nabolaget: – Har blitt som ein landsby
Alise Haver (28) skapte det fellesskapet ho sjølv sakna då ho blei mor som 17-åring.
– Det finst mange gode tilbod for barna. Vi ønska å skape noko for mødrene også, seier Alise Haver som var med å starte barseltapas for halvanna år sidan.
Eit tilbod ho sakna då ho i 2015 var ei nybakt tenåringsmor, og blei kasta ut i vaksenlivet på ein måte som slettes ikkje er for pyser.
Barsel og tapas