ÅLGÅRD: Stasjonsklubben ungdom er eitt av få kristne tilrettelagde tilbod for ungdom i regionen.
Helene Reite Uglem
Rockar sokken heile året: – Her blir eg sett
– Vi vil jo alle ha «eit samfunn med plass til alle», men ein kan spørje seg om vi eigentleg har det, seier diakon Tonje Vilberg Bjerkreim i Ålgård kyrkje.
«Gud, du hadde en plan da du skapte meg»
Songen «Livsglede» strøymer ut av høgtalarane i Ålgård kyrkje. Det blir ikkje skikkeleg Stasjonsklubben utan den.
Ungdommane spring opp på scena. Enkelte har ikkje språk, men rørslene kan dei.