EM-KVALIFISERING: U22 landslaget i volleyball spelte i sommar EM kvalifisering, men kom ikkje vidare. Eskil Engås (nr. 9)
Privat
På misjonsmarka fekk Eskil (20) auga opp for volleyball – no satsar han i Europa
Samtidig som interessa for sporten auka, merka sunnmøringen at barnetrua vart meir personleg i Kenya.
– Eg tar med meg trua kor enn eg går. Om det er på volleyballbana eller i kyrkja, seier Eskil.
Som barn vaks Eskil Engås (20) opp i ein kristen familie på Stranda på Sunnmøre. Då han gjekk i åttande klasse, flytta familien til Nairobi i Kenya.
Foreldra skulle jobbe som lærarar på ein familiebibelskule som drivast av Norsk Luthersk Misjonssamband.