MISTET SIN FARMOR: For Marie Norbakken (24) blei dødsfallet til farmora eit viktig vendepunkt i truslivet.
Agathe Solsvik
Marie (24) var aktiv i kristent arbeid utan ei personleg tru
Mellom oppgåvene på søndagsskulen, leir og den kristne ungdomsklubben sleit Marie Norbakken (24) med tunge tankar om eige sjølvbilde og identitet.
– Eg sa kanskje at eg var kristen, men Bibelen låg likevel støva ned i bokhylla og den personlege relasjonen til Gud tenkte eg ikkje mykje over.
Dette fortel 24 år gamle Marie Norbakken.
Marie har dei siste åra blitt eit kjent fjes blant kristne studentar i Bergen, og i Norge, der ho er, og har vore, aktiv i fleire kristne arbeid – både i Student-KRIK, Bergen Soul Children, ulike leirar og anna tverrkyrkjeleg arbeid.