ROGALAND: Frp-politikar Kristin Lode (23) sit i Stavanger bystyre og Fylkestinget.
Helene Reite Uglem
Kristin Lode: – Eg unner ikkje min verste fiende å oppleve det
Som 13-åring slutta ho å ete for å få kontroll på livet. I staden blei ho nær ved å miste det. I dag er det trua som er ankeret for Frp-politikar Kristin Lode.
Dei høge hælane går taktfast gjennom gangane i Fylkeshuset i Stavanger. Timeplanen er like stram som hestehalen.
Men Lode fann eit vindauge mellom bystyremøte, fylkesting-saker, budsjett og eksamenslesing.
Pulten er ryddig. Fri for personlege duppedingsar. Ho skal som oftast vidare uansett. Kvardagen har tellekantar. Og ho har støv på hjernen.