FAR OG SONER: Gunstein Innvær, prest i Den lutherske kyrkja i Kautokeino saman med sønnene Benjamin og Josva på Alta folkehøgskole juni 2026.
Alice Tegle
Gunstein (27) ville bli misjonær i Japan. Enda opp som prest i Kautokeino
Langt inne på Finnmarksvidda forsørgjer bedehusguten frå Bømlo kone og snart tre barn, på ei 40 prosents prestestilling og studielån.
Med ein son på armen og ein i vogna entrar presten Gunstein Invær (27) Alta folkehøgskule i Finnmark.
Han har teke med seg ungane i dag, slik at den høggravide kona, Helene får seg ein velfortent pust i bakken.
I Kautokeino er det ikkje mange familieaktivitetar i helgene, og med besteforeldra i Ålesund og på Bømlo må den vesle familien laga helgekosen sjølv, som til dømes landsmøtet til Noregs Samemisjon på folkehøgskulen.