PUBKYRKJE: Bryne kyrkje har saman med Misjonskyrkja på Bryne gudstenester på den lokale puben Mellombels.
Helene Reite Uglem
Gudsteneste på den lokale puben: – Her er terskelen låg
To kyrkjer har gått saman om ha «kyrkje på nye stader». Dei er ein del av ein større trend.
– Eg tenkjer at ein kan snakke om Gud overalt. Og plutseleg kan det vere folk her som elles ikkje er så mykje i kyrkja. Det er fantastisk, seier Karoline Særheim.
Saman med mannen Kjell har ho teke turen til den lokale puben Mellombels – «der alle kjenne alle – etter to øl» som det står på eit skilt i baren.
Men ifølgje mannen bak disken har det berre blitt selt ein øl så langt denne søndagen.