TANZANIA: Dorith Aase Eriksen og Arvid Asmervik Eriksen skal jobbe som tannlege og plastikkirurg utan løn for eit år.
Helene Reite Uglem
Familien set livet på pause for å følgje misjonærdraumen: – Behovet er enormt
Om kort tid forlet familien Eriksen hamsterhjul og tryggleik i Noreg for å leve ut ein 20 år gammal misjonærdraum i Tanzania - utan ei krone i løn.
– Trur du eg kan bli kirurg?
Dorith Aase Eriksen hugsar framleis då Arvid kom heim etter ein Etiopia-tur og vekte henne midt på natta.
Lukta av etiopisk krydder stod i rommet. Han kom i all hast, direkte frå flyplassen.