Har du tenkt å ta studiespesialiserande
eller idrettsfag?

Ynskjer du å gå på ein kristen skule der målet er at alle opplever tryggleik, meistring og omsorg?

Ynskjer du å gå på vidaregåande skule med 270 andre elevar, og bu på internat med 250 av dei?

Internatskule i Hardanger

Framnes kristne videregåande skule ligg vakkert til på ei eiga halvøy i Hardanger. Her kjem du tett på både fjord og fjell. På halvøya bur det ca. 250 elevar på internat. Skulen ligg 4 km frå Norheimsund sentrum, og ein og ein halv time frå Bergen.

Tomt eller nesten helt hvitt bilde.

Logo univers

Logo med teksten Utdanning videregående skole på hvit bakgrunn.

Å bu på ein internatskule byr på både gleder og utfordringar. For mange er det ein overgang å ta ansvar for klesvask og andre praktiske oppgåver. På internatet kjem ungdommane tett på kvarandre, det er sosialt og mange får vener for livet. I starten er det mykje nytt å bli kjend med, og mange nye rutinar som skal inn i kvardagslivet. Miljøarbeidarane våre har som hovudoppgåve at elevane skal trivast på Framnes. Internatleiarane lærer ungdommane å bu på internat, og passar på når nokon vert sjuke eller lengtar heim.

På Framneshalvøya bur det ca. 250 elevar på ulike internat, fordelt på enkelt- og dobbeltrom.

I hovudbygget er det matsal der alle måltid serverast. Framnes har og eigen idrettshall med handballhall, innandørs fotballhall og styrkerom.

Vi veit ikkje om nokon anna skule med finare utsikt!

Landskap med innsjø, fjell og en bygning med rødt tak i forgrunnen.
Ved Framnes KVGS er det ei heilt fantastisk utsikt.

Kristent felleskap

På Framnes er det eit godt kristent fellesskap. Måndag, onsdag og fredag er det obligatorisk morgonsamling med “Ord for dagen”.Andre arrangement og aktivitetar vel du sjølv om du vil engasjere deg i. Søndag og onsdag er det lovsang og andakt i peisestova. Kvar torsdag er det Kriksamling i Framnes arena. Ein dag i veka samlast «Krigerene», dette er eit fellesskap basert på cellegrupper der elevane deler tru, liv og bønn. For dei som ynskjer er det også bibelgrupper ein gong i månaden. Elevane sjølv er viktige for å skape det aktive kristne fellesskapet, og dei som ynskjer å engasjere seg får oppfølging av ansvarlege vaksne. 

Framnes er ikkje berre ein skule. Det er staden der Hardanger blir heim, og framtida tek form.


Lokalt er Norheimsund- og Øystese ungdomskor eit viktig kristent fellesskap. Elevar frå Framnes er velkommen, og i dag utgjer dei ein stor del av dette koret. 

I tillegg til organisert kristent fellesskap er det og aktivitetar som elevane sjølv startar og styrer, måndag til fredag er det t.d. ein god gjeng som startar dagen med felles bønn.

Tre unge mennesker står sammen innendørs og ser mot kameraet.

Aktivitetar og turar

På Framneshalvøya er det mykje å finne på heile året! I idrettshallen er det godt tilrettelagt for ulike ballspel. I tillegg til handballhallen er det og innandørs fotballbane og styrkerom. Uteområdet er eit eldorado med sandvolleyballbane, diskgolfbane, badeplass og stupetårn. Elevane kan og låne kano og kajakk. I hovudbygget er peisestova eit sentrum for aktivitet, her er det ofte møter og elevarrangement. For dei som driv med musikk er dette og ein god plass å øve. På hemsen i peisestova er det biljard, ulike spel og ein liten kafé.

I hovudbygget er det og ein kiosk som russen driv til inntekt for misjonsprosjektet.

I nærområdet er det variert natur som innbyr til turar heile året. Er du glad i ski er det mange alternativ! Toppturar på randonée, skianlegg for langrenn og alpint.

- Les mer om Framnes kvgs her!

Fire kvinner i rødt tar selfie med norske flagg under en utendørs feiring.
Personer i røde drakter jubler på en scene mens konfetti fyller luften.
Folk ved en sandstrand og lekeplass langs vannet med trær, hus og overskyet himmel.
En gruppe ungdommer står og poserer på en scene under en forestilling.

Ynskjer du å gå på ein skule med idrettshall og beachvolleybane?


Se video fra tidligere elev


Framnes KVGS ligg på ei eiga halvøy i
Hardanger, 4 km frå Norheimsund sentrum
og ein og ein halv time frå Bergen.

Kontakt oss

Hvis du har spørsmål om skolegangen, internatlivet eller andre ting ved skolen, ber vi deg ta kontakt gjennom å ringe sentralbordet eller sende oss en e-post. Vi vil svare deg så fort som mulig!

Mail oss: postmottak@framnes.vgs.no

Ring oss: +47 56 55 05 00

Framnes kristne videregåande skule

Vikøyvegen 280, 5600 Norheimsund

Velkommen til oss!

Følg oss på Facebook og Instagram

Powered by Labrador CMS