EIN PERIODE: Karl Johan Hallar
...
EIN PERIODE: Karl Johan Hallaråker vart valt til sentralstyret på KrFs landsmøte i 2013. No har han takka nei til attval. Foto: Astrid Dalehaug Norheim
Hallaråker har takka nei til KrF
Del
Hordaland KrF foreslår Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes som kandidat til partiets sentralstyre og vrakar med det Karl Johan Hallaråker.

– Kvifor har du valt å takke nei?

– Eg er i ein alder der eg står friare enn før. Det er klokast, iallfall når Hordaland ynskjer å fremje Astrid no. Det er veldig viktig for meg at eg ikkje står i vegen for andre, seier Karl Johan Hallaråker .

Han har tidlegare vore leiar i Bergen KrF, generalsekretær i Indremisjonsforbundet og rektor ved Bildøy Bibelskole .

LES OGSÅ: Dagrun Eriksen tar gjenvalg som nestleder

Døra på gløtt

Fylkesstyret i Hordaland hadde frist til november med å spele inn sine kandidatar til både sentralstyre og toppleiinga. Dermed kom deira innstilling før Hallaråker sa frå om at han ikkje ville ta attval.

– Ei kvar valkomité skal stå fritt til å velje samansetjinga dei meiner er klokast for partiet. Det sa eg også sist eg vart foreslått. Då enda det slik at landsmøtet gav meg størst oppslutnad, seier Hallaråker. Han fikk røystene frå 123 av 180 delegatar.

– Vil du vurdere å ta attval viss valkomiteen spør deg?

– Det vil eg ikkje svare på gjennom media, svarar Hallaråker.

Valdrama

Det vart dramatikk rundt valet til sentralstyret for to år sidan. Då trakk Byrknes seg etter to år i sentralstyret for å gje plass til Hallaråker. Dermed valde tidlegare Gulen-ordførar Trude Brosvik å stille til val . Ho vart ikkje valt inn. No peikar fylkeslaget på Byrknes att etter «ei grundig drøfting», ifølgje Pål Kårbø, fylkesleiar i Hordaland KrF .

– For vår del er det naturleg at Hordaland har ein person i sentralstyret. Vi har spelt inn Astrid Byrknes. Vi synes Astrid har ei god stjerne, også som lokalpolitikar. Den runden og debuten ho hadde på Stortinget i fjor, gjer at ho også er moden for meir sentrale oppgåver, seier Kårbø.

Byrknes markerte seg som vara på Stortinget i fjor då ho song på talarstolen og fekk fram tårene i stortingsalen.

Fylkeslaget vurderte også Dag Sele , tidlegare fastlege og leiar for Telemark KrF . Han har no flytta til Sveio og fått jobb innan psykiatri på Stord sjukehus.

dag sele,astrid aarhus byrknes,karl johan hallaråker,hordaland krf,krf,krf-landsmøte,pål kårbø,sentralstyre