Heile Naustdal-familien er saman igjen

Alle dei fem borna som vart henta frå eit norsk-rumensk ektepar i Naustdal i november, er no kome heim til foreldra.

Den rumensk-amerikanske støttegruppa for familien har publisert eit bilete med heile familien på sju.

LES:Naustdal-foreldra får borna tilbake

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Omsorgsovertakinga utløyste omfattande demonstrasjonar internasjonalt med tyngdepunkt rumenske kristne miljø. Mange støttespelarar har avvist at oppdragarvald var den eigentlege årsaka til barnevernets inngrep og hevda at den kristne oppsedinga til foreldra var ein underliggjande motivasjon.

Chicago-pastorChristian Ionescu, som er talsmann for støttegruppa, takkar både Gud og menneske som har stått saman med familien i månader som har vore «lange, opprivande og sett dei på prøve».

KOMMENTAR:Barna som var borte, har kommet hjem

Støttegruppa skriv at dei av openberre grunnar vil avgrense spreiing av nyheiter og foto av familien framover. «Vi stolar på at Gud vil lækje denne familiens hjarte og dei dype såra dei er påførte i sjela», skriv dei.