Resarch: Sagrusten var i Egypt under arbeidet med boka mellom anna for å intervjue ein egypter som kunne mykje om dei mange viktige manuskript-funna som er gjort her.

Gir ut bok basert på bibelske manuskript

Dan Brown og Tom Egeland har brukt gamle, religiøse manuskript til å tirre interessen hos leserne. Hans Johan Sagrusten ville bruke den samme spenningen til å fortelle virkelige historier.

I eit tørt ørkenlandskap i Syria vakna den tidelegare interessa for gamle, bibelske mauskript opp på ny hjå Hans Johan Sagrusten. Han var på tur med arbeidsgjevaren Bibelselskapet i 2005 for å lære meir om landet dei har ei særskild samarbeidsavtale med, og for å få meir kunnskap om bibelarbeidet i Midtausten generelt. Kollegaen, Svante Havåg, anbefalte ei bok på denne turen om det Sagrusten kallar for bibelsk «hardware». Altså ikkje om tolkingar av innhaldet i tekstane i Bibelen, men den meir handfaste, tekniske biten. Korleis såg bokstavane i tidlegare bibelmauskript ut? Kor mange kunne eigentleg lesa desse skriftene? Og korleis såg bøkene ut?

Den nyoppvakna interessa har resultert i boka: Det store puslespillet - jakten på de tidligste manuskriptene til Bibelen. Ei bok som skal vera noko så sjeldant som ei «spennende bok om manuskriptene som ligger til grunn for (...) Bibelen», i fylgje forlaget. Sagrusten trur nemleg gamle bibelske manuskript kan interessere kvarmansen viss dei berre gjev det ein sjanse.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Trusstyrkande

Teologen og presten trur ikkje det var tilfeldig at det var i Syria, eit bibelsk land i Midtøsten med ein eldgamal kristen kultur, at dei to kollegaane fatta interesse for den meir handgripelege kristne historien. Det tørre ørkenlandskapet I Syria er svært likt det ein fann dei fyrste manuskripta i.

– Spesielt i Egypt har ein funne restar etter bøkane dei fyrste kristne las, gøymde og sleit ut. Historiane om korleis Bibelen har enda opp slik som den er i dag er veldig spanande og trusstyrkande, seier forfattaren.

Bibelkunnskap til folket

Fyrste gong Sagrusten fekk innblikk i dette fagfeltet var då han studerte teologi på menighetsfakultetet i Oslo. Her lærte dei litt, men langt frå nok, synest Sagrusten. Han opplevde at dess meir han sette seg inn i stoffet, dess meir spanande blei det. Boka han las i Syria blei den fyrste i ei lang rekkje.

– Eg synest det er for gale viss det berre er teologar som skal få innblikk i dette stoffet. Dette må folket med stor F få del i. Difor har eg gjort boka mest mogleg spanande. Eg har funne ut at den beste måten å formidle dette på er å fortelje dei gode historiane kring funna av manuskripta.

Møt falske påstandar

I tillegg til å ville styrke trua til lesarane har ein viktig motivasjon for presten frå Ottadalen vore å utruste kristne til å imøtegå falske påstandar om Bibelen. Ein gjengangar er at historiane om Jesus er skrivne ned så lenge etter han levde at dei ikkje er truverdige kjelder.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Mange trur Det nye testamente er ei forfalsking. Faktum er at NT er den skriftsamlinga frå antikken ein har funne flest manuskript frå. Me har i dag tekstfunn frå NT frå heilt tilbake til år 100-150 e.Kr.

Da Vinci-Koden

Sagrusten meiner kristne bør ha meir kunnskap om historien bak Bibelen, og møte innvendingar med oppdatert lære.

– Med dei påstandane ein møter i skjønnlitteraturen dei siste åra er det heilt naudsynt at kristne kjenner til dei faktiske høva. Og det er nettopp det som er så fint med denne typen bibelkunnskap, det finst påviselege fakta som ein kan slå i bordet med.

Eit håp bibelbrukskonsulenten har er å avlive ein av dei mest vanleg mytene knytt til Bibelen i boka si;

– Den påstanden ein kanskje møter oftast stammar frå boka Da Vinci-Koden. Ein av hovudpersonane her hevdar at dei fire evangelia me har i dag blei sette inn i NT ved kyrkjemøtet i Nikea, og at ein før denne tid hadde andre evangelium. Hadde dette vore tilfelle ville NT vore eit falsum. Og det er faktisk mange som trur på det, og fram til for vel hundre år sidan kunne ein ikkje motbevise dette. Heldigvis er denne myten knust i dag. Det finst ein heil haug med manuskript før dette som avkreftar at det er tilfelle.

Ingen forskar

I boka tek Sagrusten for seg dei viktigaste manuskriptafunna frå 1800-talet og fram til i dag, med hovudvekt på Det nye testamente. Ein av tinga han vil få fram er kor langt tilbake i tid ein kan fylgje manuskripta, for å sjå på korleis Bibelen har enda opp som den er i dag, slik at folk kan vurdere kor kildenær den faktisk er.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg reknar ikkje meg sjølv som ein forskar. Eg formidlar andre si forsking vidare. Det er ikkje eg som har reist rundt i verda og studert mauskripta, det er det andre som har gjort. Dei verkelege pionerane er dei som grov i jorda på leit etter mauskript i Midtausten for hundre år sidan. All denne kunnskapen finst, min jobb er å vidareformidle den i eit levande språk på norsk.

Og kor langt tilbake i tid kan eigentleg funna ta oss?

– Ein har fleire tusen arkeologiske funn av håndskrivne tekstar frå før trykkekunsten blei oppfunnen. Dei siste åra har ein på grunn av ny teknologi kunne jobba seg endå lengre tilbake i tid. Dei eldste funna stammar frå omlag 100-150 år etter Kristus, kan Sagrusten fortelje.

Studieopplegg

Bokprosjektet har han delvis gjort i arbeidstida, som ein del av stillinga si som bibelbrukskonsulent hjå Bibelselskapet. Denne jobben går ut på å få folk til å bruke Bibelen meir. Gjennom å utarbeide eitt studieopplegg for bibelgrupper knytt til boka, håpar han å bidra til nettopp dette.

– Forhåpentlegvis får folk fornya tillit til Bibelen. Eg har bakt inn ganske mykje fakta, men formen er lett tilgjengeleg for folk som ikkje har studert teologi. Ved å lesa ei lita, lettelst bok med spanande historiar har du tatt innersvingen på mange teologar, seier Sagrusten sjølvsikkert.

Hans Johan Sagrusten

Aktuell med boka; Det store puslespillet - jakten på de tidligste manuskriptene til Bibelen, og tilhøyrande studieopplegg på nett for bibelgrupper.

BIbelbrukskonsulent hjå Bibelselskapet.

Vil at folk skal ha meir kunnskap om opphavet til Bibeltekstane.

Les også
Krimforfatter Tom Egeland er grenseløst interessert i religion og troTom EgelandFAKTA
Les også
Tilliten til Bibelen
Les også
2,2 millioner TV-seere var innom salmesendingen på NRK
Les også
Likheter mellom Antikrist og islams Mahdi