Rammer for høgare utdanning

Det vil vera ein uhald­bar si­tua­sjon om ein til­sett for­mid­lar ei lære som er i strid med NLA sin basis, meiner NLA-rektor Bjarne Kvam.

I de­bat­ten den sei­na­re tida om skriftsy­net ved NLA Høg­sko­len har det kome fram syns­punkt på for­hol­det mel­lom aka­de­misk fri­dom og verdi­for­ank­ring for krist­ne høg­sku­lar. Det kan difor vera ten­leg å av­kla­ra dette nær­ma­re for om mulig å unngå mis­ty­ding.

I 2005 vart Lov om pri­va­te høg­sku­lar og Lov om Uni­ver­si­tet og høg­sku­lar sleg­ne saman til ei fel­les lov for alle høgre ut­dan­nings­in­sti­tu­sjo­nar. Den nye lova skul­le sam­ei­na Pri­vat­høg­skule­lova sin rett til å byg­gja på eit kris­tent livs­syn og dei stat­le­ge in­sti­tu­sjo­na­ne sin hevd­vun­ne aka­de­mis­ke fri­dom.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette vart for­mu­lert slik i pa­ra­graf 1-5. Fag­lig fri­het og an­svar:

«(1) Uni­ver­si­te­ter og høy­sko­ler (U/H) skal frem­me og verne aka­de­misk fri­het.

(2) U/H har el­lers rett til å ut­for­me sitt eget fag­li­ge og verdi­mes­si­ge grunn­lag in­nen­for de ram­mer som er fast­satt i eller i med­hold av lov.

(3) U/H kan ikke gis på­legg eller in­struk­ser om lær­e­inn­hol­det i un­der­vis­nin­gen og inn­hol­det i forsk­nin­gen.

(4) Den som gir un­der­vis­ning ved in­sti­tu­sjon under denne lov har et selv­sten­dig fag­lig an­svar for inn­hold og opp­legg av denne in­nen­for de ram­mer som in­sti­tu­sjo­nen fast­set­ter.» Vi­da­re har det vit­skap­le­ge per­so­na­let rett til å velja emne og me­to­de for fors­kin­ga si og har rett til å få ar­bei­da pub­li­sert.

Vi ser at det kan opp­stå ei spen­ning mel­lom aka­de­misk fri­dom og det verdi­mes­si­ge grunn­la­get som in­sti­tu­sjo­nen byg­gjer på, og som per­so­na­let er til­sett for å fremja. Denne spen­nin­ga vart teke opp til drøf­ting i ei eiga of­fent­leg ut­grei­ing i NOU 2006: Aka­de­misk fri­het. Her står det at «viss åp­ning for at det fag­li­ge og verdi­mes­si­ge grunn­la­get kan få kon­se­kven­ser for den en­kel­tes fri­het, er en for­ut­set­ning for virk­som­het i denne typen in­sti­tu­sjo­ner... Prin­sip­pet om aka­de­misk fri­het gjel­der for alle uni­ver­si­te­ter og høy­sko­ler. Even­tu­ell be­grens­ning må være godt be­grun­net i in­sti­tu­sjo­nens fag­li­ge og verdi­mes­si­ge grunn­lag slik dette er ned­felt skrift­lig i in­sti­tu­sjo­nens re­gel­verk».

NLA Høg­sko­len sitt verdi­mes­si­ge grunn­lag er for­mu­lert i basis: «NLA Høg­sko­len byg­ger på den krist­ne tro slik den er ut­trykt i Den Hel­li­ge Skrift og den evan­ge­lisk lu­thers­ke be­kjen­nel­se», og i verdi­do­ku­ment der det står: «Skrif­ten er gitt oss av Gud. Den for­mid­ler Guds åpen­bar­te ord til men­nes­ker til alle tider, og har auto­ri­tet der den klart bin­der vår sam­vit­tig­het som nor­me­ren­de norm i spørs­mål som gjel­der tro og liv».

Som ar­beids­gje­var i dette spen­nings­fel­tet mel­lom in­di­vi­du­el­le og in­sti­tu­sjo­nel­le ret­tar må vegen gå gjen­nom dia­log og i re­spekt for per­son­leg in­tegri­tet. Sam­stun­des vil det vera ein uhald­bar si­tua­sjon om ein til­sett for­mid­lar ei lære som er i strid med NLA sin basis.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Bjarne Kvam

rektor NLA Høgskolen

Les også
- To grunnleggende problemer med NLAKlikk for å endre tekst