Hevdar Trump har hatt ei kristen omvending

Gammal kristenkonservativ general fortel at Donald Trump har hatt ei personleg omvending nokså nyleg, men er ein «baby­kristen». Norsk kjennar av Kristen-USA er skeptisk.

Sist veke møtte Trump over 900 kristne leiarar i New York. I samband med dette arrangementet presenterte han også eit breitt samansett panel som skal gi han råd om trusrelaterte spørsmål.

LES:Fisker kristne stemmer

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Blant dei 45 medlemene er nokre også relativt kjende i Kristen-Noreg. Evangelist Franklin Graham, tidlegare kongresskvinne Michelle Bachmann og den karismatiske predikanten Kenneth Copeland er tre døme.

– Det er mange solide folk på lista, seier førsteamanuensis Geir Magnus Nyborg ved NLA Høgskolen. Teologen og medievitaren har hatt fleire studieopphald i USA.

Trump-kampanjen understrekar at det ikkje har vore ein føresetnad at medlemene i panelet skal støtte kandidaturet hans. Fleire av leiarane støtta andre republikanske kandidatar i nominasjonskampen.

Trur Trump trur

Dobson grunnla organisasjonenFocus on the Family som på 1990-talet vart ein gigant i amerikansk kristenliv med 1.400 tilsette på det meste og sitt eige postnummer i Colorado Springs. Under seansen med Trump i New York var Dobson ein av få utvalde som fekk stille spørsmål til Trump direkte i plenum.

I etterkant har Dobson gått god for Trump som ein gjenfødd kristen.

– Han har teke imot ein relasjon med Kristus. Eg kjenner personen som førte han til Kristus, og det skjedde ganske nyleg, sa Dobson i eit intervju med pastoren Michael Anthonypå nettsida godfactor.com. Saka er seinare plukka opp av mellom annaNew York Times,Los Angeles Times ogCNN.

Ingen kommentar

Kampanjeleiaren til Trump, Paul Manafort, har avvist å seie noko om trua til Trump.

– Du må snakke med han om det, sa Manafort til NBC søndag.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Presbyterianaren Trump har ikkje sjølv snakka om ei frelseserfaring. Det vekte oppsikt då han i fjor sa at hanikkje har bedt Gud om tilgiving. Tidlegare denne månaden modifiserte han seg litt:

– Eg vil be om tilgiving, men eg håper eg ikkje må be om mykje tilgiving, sa hani eit intervju med den konservative kristne skribenten Cal Thomas.

Trump har samstundes kritisert metodisten Hillary Clinton i trusspørsmål.

– Vi veit ikkje noko om Hillary når det gjeld religion, sa han sist veke i New York.

LES:Tror Trump vinner valget

Fekk forbøn

James Dobson påpeikar at Trump «ikkje kjenner språket vårt» Under møtet i New York nemnde Trump kristendom, religion og religionsfridom, men ikkje tru. Han nytta heller ikkje ord som Jesus, bøn eller Bibelen,ifølgje Religion News Service.

– Du må gi han litt å gå på. Han vaks ikkje opp slik vi gjorde, seier Dobson, som har pastorar som forfedrar fleire generasjonar bakover.

Seinare har det kome fram at den aktuelle leiaren han viser til er tv-evangelisten Paula White. Ho er ein av dei mest kjende framgongsforkynnarane i USA. Det inneber at ho meiner sant truande kan rekne med å oppleve framgong, god helse og materiell velstand i livet. Slik forkynning er kritisert av tradisjonelle evangeliske leiarar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Under eit møte mellom Trump og fleire tv-evangelistar i fjorbad White med referanse til Jesaja 54 om at kvar «kvar tunge som reiser seg mot han, skal bli fordømd».

Får motbør

Stormøtet mellom Trump og kristne leiarar sist veke har vekt reaksjonar. «Sjeldan har ei gruppe verka meir ivrig etter å bli utnytta», skriv Washington Post-spaltisten Michael Gerson. Også han har ein evangelisk kristen bakgrunn og har vore taleskrivar for president George W. Bush. Gerson meiner leiarane villig let seg imponere og manipulere, og ikkje stilte Trump tøffe spørsmål.

«Det var ein trist parodi av kristne som involverer seg i politisk, og oppsummerte alle manglane og feilgrepa til det religiøse høgre», skriv han.

Gerson meiner dei forsvarer eigne privilieum og samstundes «vanærar essensen i trua si».

Den populære bloggaren Rachel Held Evans, som har bakgrunn i konservative evangelikale miljø, men har gått i meir liberal retning, er oppgitt over påstandane om at Trump er blitt omvend. «Det religiøse høgre har berre selt seg sjølv»,skriv ho på Twitter.

«Kva må eg gjere for å arve evig liv? Bli den republikanske presidentnominerte, tydelegvis», konstaterer Evans syrleg.

LES:Splitter kristne velgere

Ser dobbelstandard

Fleire kristne kommentatorar, også meir konservative, har stussa på at medtruande leiarar tilsynelatande er villige til å bere over med karakterbristar bristar hos Trump som dei nådelaust kritiserte hos Bill Clinton.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ein av dei er den profilerte sørstatsbaptistiske teologen Al Mohler. Han påpeikar at Trump har bygd opp formuen sin på casinogambling og har skrytt av seksuell utruskap. Dersom han utan atterhald skal tilrå å røyste på Trump, meiner Mohler at han må be Clinton om orsaking for ting han skreiv og sa på 1990-talet. Det ser han ikkje grunn til. «Eg trur ikkje evangelikale som stod samla den gongen, tok feil», skriv Mohlerpå bloggen sin.

Den bestseljande kristne forfattaren Max Lucado er mellom kjende profilar som hardistansert seg frå Trump. Lucado etterlyste verdig framferd frå ein presidentkandidat. Fleire leiarar har understreka at dei ikkje lovar Trump støtte, men vil sjå korleis han posisjonerer seg framover.

– Kva seier han neste veke? Han overraskar alltid, seier president Jerry Johnson i National Religious Broadcasters - som har 1.400 radiostasjonar som medlemer -til Premier Christian Media.

– Ærleg talt er det vanskeleg å døme trua til ein annan person. Når nokon seier dei er kristne, vil du ikkje motseie det. Men han har heilt klart behov for å vekse mykje. Det har vi jo alle, seeier Johnson.

Fryktar Hillary

James Dobson har i etterkant av intervjuet sist veke presisert at berre Gud kan kjenne hjartet til ein person.

«Eg kan berre fortelje dykk kva eg har høyrt. For det første verkar Trump til å vere var for det som har med Anden å gjere. Eg høyrer også at Paula White har kjent Trump i fleire år og at ho personleg har ført han til Kristus», skriv Dobson i ei pressemelding som vertreferert av Charisma News.

Dobson understrekar at han ikkje kjenner detaljarane, men at han og mange fleire kjende kristne leiarar vil gjere teneste for Trump i truspanelet. Han er ikkje sikker på kva som vil skje dersom Trump blir president, men opplever at dei har fått ein god start.

«Det einaste eg kan seie til dykk er at vi berre har to val, Hillary eller Donald. Hillary skremmer livet av meg».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Åndsvask

Geir Magnus Nyborg synest Dobson gjer ein merkeleg manøver.

– Det framstår som ein slags åndsvask av Trump som eg ikkje har sett maken til, seier Nyborg.

– Det viser berre at dei evangeliske kristne ikkje har nokon kandidat. Det verste dei kan tenkje seg er Hillary Clinton, seier Nyborg.

LES:Derfor er ikke Trump bra for USA