Jan Hanvold, leder av TV Visjon Norge, blir stilt mange spørsmål i dette leserinnlegget.

Kjære Jan Hanvold

Vi har mykje vi ønsker å ta opp med deg.

På Facebook (FB) 4.9. forsvarer du boka til Jeremy Hoff. Du deler også di enkle meining om det vanskelege: Den store tragedien, som mange av oss slit med å setta ord på. Som mange her i Noreg blei råka av.

Det står på FB at trua di er ukomplisert. Du er kjent for å tenka svart/kvitt, med «enkle løysingar». Kanskje du skulle dela færre slike formlar? Og litt meir om at det er mykje du ikkje forstår?

I ditt miljø er det vanleg å proklamera Jesaja 54,17: «Ingen av de våpen som blir smidd mot deg, skal ha framgang». Denne praksisen skal verna mot blant anna kritikk, som ifølge deg/dykk jo er synonymt med forfølging.

Men kva om det ikkje er «smidd våpen» som blir løfta mot Visjon Norge (VN), men «skjold» – til forsvar mot kvasse preiker om pengar, helse og straffedom?

I verksemda di finst så klart ein del bra, både av innhald og menneskeleg innsats. Like fullt kjenner vi folk som har erfart at mykje i VNs fundament, forkynning og innsamlingsmåte er farleg. Skadane deira liknar dei Bergem, 3 x Swartling og andre trefte på – i møte med tidlegare Livets Ord-elevar.

Det kostar, òg mentalt, å fornekta verkelegheita – å «så inn eit offer» eller kalla seg frisk når ein er sjuk. Mykje av VN 2015 er eit ekko av Livets Ords bibelskule på tidleg 1980-tal.

Politikk
Kort tid før valet 2013 sa du på FB:

«Så jeg henstiller til kristenfolket og andre vanlige folk, som setter pris på vår kristne arv, å stemme DE KRISTNE. Ikke la deg forvirre av at det er, å kaste bort din stemme. DE KRISTNE har allerede 100.000 stemmer. [...] hør hva Den Hellige Ånd sier : Stem De Kristne, så kjenner du at du har gjort din borgerplikt. [...] Derfor må vi tro på Herren og Guds kraft, så skal vi se De Kristne kommer inn.

Vi trenger Jesus i storting og regjering, igjennom sterke troende som har et klart stand punkt.
[Kommentar: Slik vi forstår det, blir det halde bønemøte – der oppmøtet aukar – på Stortinget fleire morgonar i veka.] [...] Selv om jeg ikke er medlem i De Kristne, å heller ikke vil bli det. Mener jeg at kristne bør melde seg inn i partiet. Dette er mer enn politikk, dette er en reformasjons bevegelse og vil kristne Norge på nytt [...]»

Du promoterte PDK, og redaktør Klevås-Olsen og andre i staben din har vore med i styre eller stell i partiet. Meir frå valkamputspela her: visjonnorge.blogspot.no/2015/09/statusoppdateringar-av-jan-hanvold-juni.html. Der blir du også sitert (FB 9.8.2013) på at Rory Kaye «profeterte ti Bill Clinton om 11 september»(!)

Vision Heaven?
Kan du gjera greie for Rodney Howard-Brownes profeti 16.3.2006, om TV-stasjonar i alle Europas land innan fem år? Meiner du enno at profetien var ekte?

Er det vanskeleg å seia noko kritisk om din helt og ven? (Du blei løfta ut av depresjon under konferanse med han hos Pat Robertson for mange år sidan?)

Reisekostnader
Den årlege USA-reisinga di kostar vel ein del? Og kva med det å få så mange utlandske predikantar hit? (Nokre betaler kanskje reisa sjølve?)

Vi trur du gjer mykje i god meining. Men vi slit med å forstå handteringa av ein del spørsmål og innvendingar. Vil du vera venleg og svara på Jahn (Grønås) sitt innlegg 16. mai? Eller kva med noko av det han skreiv nyleg? Vi vil deg ikkje vondt.

Jan, mange er lei – verbale sleivspark, pengepreiker og sjølvtitulerte apostlar og profetar. Dei kjem framleis til å vera lei, same kor sterkt du trur og satsar på visjonen din. På FB har det kome sterke reaksjonar. Du har svart på kanskje 1 promille av desse, i den augeblunken du slettar heile innleggstråden.

Vi veit om folk som ivrig har følgt og støtta VN, som slit psykisk. Mykje av slitasjen, og mykje av det andre er lei av, har å gjera med sjukdoms- og pengelæra di. Det er skummelt at VN les opp «bønebegjær» med ord som «sår inn for frelse og helbredelse». Du har visst prenta din bodskap inn i mange: «Så spesifikt.»

Du seier at sanning er motsett av realitet. Kan det vera at den trua bidrar til ei flukt frå verkelegheita? Skal VN eksistera, trur vi du må endra sjølve eksistensgrunnlaget til kanalen. Byta teologi. Revurdera visjonar, innfall om byggkjøp, «pengefrø-praksis» m.m.

Slik kanalen er, gjer han mykje skade. Nokre er glad i, og finn meining i, VN. Vi trur likevel at ting mest må endevendast dersom kanalen skal ha ei framtid.

Kvifor sender du ikkje Verdibanken-reklame lenger?

Du hevdar du kan «kjøpa utan pengar», jamfør éin favorittbibelstad. Er ikkje dét å riva bibelord ut av kontekst? Er det ikkje ein uting å « kjøpe-kjøpe»?

Kan motstanden du får, skuldast noko anna enn at du «lyder Herren»?

Ver venleg å svara på brevet – offentleg, for fleire enn vi treng svar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.


Helsing
Jahn Grønås
og Sigmund Ådnøy – kjenningar av deg, på kvar sitt vis.
Ansvarlege for FB-aksjonen Nei til TV Visjon Norge

Les også
Mener konservative kristne får mer maktfakta Guds lobby
Les også
Jeremy Hoff selger «Norges billigste bilnøkler»Jeremy Lewis Hoff
Les også
– Utøya-pårørende ser det som galskap
Les også
– Ærefull omtale, mener Bjarte Ystebø