Kampen om vår kristne arv

Partiet De Kristne (PDK) blei stifta for å virke fram dei grunnleggande verdiane som har gjort Norge til eit trygt, stabilt og framgangsrikt samfunn gjennom generasjonar. Ein del av desse verdiane har dei siste åra blitt tatt frå oss gjennom lovendringar og vi har no lover som for ein eller to generasjonar sidan var heilt utenkelege.

Det vart ein tragedie for Norge at teksta i § 2 i Grunnlova – at Den evangelisk-lutherske Religion forbliver Statens offentlige Religion, blei fjerna den 21. mai 2012. Og det var slett ikkje greit at ordlyden i § 16 fekk eit anna innhald som blei avslutta med: «Alle Tros- og Livssynssamfunn skulle understøttes på lik linje.»

Den 15. mai 2012 hevda samtlege parti på stortinget at «statskyrkja» er avvikla. Det var likevel den kristne trua som blei avvikla då orda «Den evangelisk-lutherske Religion forbliver Statens offentlige Religion» forsvant, for evangelia handlar om kva Jesus Kristus gjorde for den falne menneskeslekta. Biskopar og prestar som var utnemnde av ein sekulær stat, forblei i det offentlege. Og i etterkant av blant anna dette, opplevde vi at Kyrkjemøtet 25.–31. januar 2017 vedtok ein kjønnsnøytral ekteskapsliturgi.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Like alvorleg var det som skjedde allereie i 1978, då Arbeiderpartiet fekk nok stemmer i Stortinget til å vedta abortlova. Eg tør påstå at abortlova har medført mykje vondt for det norske folk. Og professor Edvard Bull, som var nestleiar i Arbeiderpartiet sist på 1920-talet, hadde ein del uttalelsar som forlengst har gått i oppfylling. Han sa: «Vi skal gjøre skolen verdslig, likesom sykepleien og begravelsen og ekteskapet og fødselsregistreringen. Vi skal slåss uforsonlig med den bestående offisielle lutherdom som andre fordummende sekter. Vi skal ha pågående og hensynsløs kirkepolitikk. Fordi vi mener at religion i og for seg er en privatsak.»

Bjarne Hareide (født i 1908 i Hareid), som var den leiande religionspedagogen etter Andre verdskrigen, tok for seg sosialistane sin kamp mot konfesonell kristendom, det vil seie, ein kristendom som held fast på truvedkjenninga. I forordet til ei av sine bøker skriv han: «Det jeg vil med dette skrift er å tegne en situasjon som i dag er truende fare for kirke og folk.»

Forsøk i åra rundt 1920 med å få bort kristendomsfaget, subsidiært å svekke faget sin dogmatiske karakter, blei på den tida avvist av skulekommisjonen sitt fleirtal, som ikkje eingong ville drøfte desse spørsmåla så lenge § 2 i Grunnlova stod ved lag. Eit perspektiv det er vel verdt å reflektere over.

På Ap-landsmøtet i april 2017 gjekk fleirtalet inn for å fjerne «K» i KRLE-faget. Og fleire avkristningsforslag var framme. Til dømes vedtak om å stramme til for friskulane, om å vurdere ein tredje kjønnskategori, vurdere om born bør ha fleire juridiske foreldre, ja til eggdonasjon.

Somme har sagt til meg at vi i PDK burde vere med i KrF og ikkje øydelegge for dei. Men PDK blei «født» etter at KrF gjekk vekk frå sin klare profil, og som eit samla parti i 2012 vart med på å ta kristendommen som offentleg religion ut av Grunnlova vår, samt at bekjennelsesparagrafen blei fjerna.

Er du uroleg for utviklinga du ser rundt deg og vil ha ei endring på den? Gi PDK ein sjanse ved valet i haust!