REFLEKTERTE: Trude Teige ser tilbake på det ho omtalar som ein trygg og fantastisk barndom i bedehusmiljøet på Sunnmøre. Samtidig reflekterte ho også over baksnakkinga og uvenskapen mellom dei som snakka varmt om tilgjeving og nåde. Boka om overgrep er skriven i raseri. FOTO: Benedicte Treider, Aschehou

Skreiv krim om overgrep i bedehusmiljø

Eit dystert bilete av eit kvitmåla bedehus under mørke skyer pregar framsida på Trude Teiges rykande ferske bok.

– Boka er skriven i raseri over vaksne menn som nyt stor tillit ikkje klarer å halde fingrane av fatet, seier Trude Teige. Den røynde reportaren og programleiaren har hatt sin siste dag i TV 2 og har blitt forfattar på heiltid.

Dei siste åra har ho skrive fleire bøker, mellom anna tre krimromanar om TV-journalisten Kajsa Coren. Under krimmysteriet er samfunnskritikken flengjande mot handteringa av barneheimsborn, eldre på institusjon og tyskarjentene. Og no: Overgrep i kristne miljø.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Krim egnar seg usedvanleg godt for samfunnskritikk. I krimmen kan ein setje dei sterke kjenslene veldig på spissen. Eg er jo minst like interessert i historia bak brotsverket som sjølve brotsverket.

Les også: – Voldtekt kan være riktig

Fiske og bedehus

I oppveksten i Fosnavåg i Herøy på Sunnmøre hadde ho det eine beinet i ein fiskebåt og det andre i bedehusmiljøet. «Ingen dårleg oppvekst», seier ho sjølv.

Ho kom i kontakt med ei kvinne som hadde vore utsett for fleire overgrep.

– Det gjekk veldig inn på meg korleis ho strevde med å ta livet tilbake. Overgriparen kjenner eg ikkje godt, men eg veit godt kven han er. Han har strevd, men eg tenkjer ofte at overgriparane klarer seg likevel betre. Kvinnene vert ofte ikkje trudd og sett. Slike saker har blitt dyssa ned gjennom tidene.

Handlinga i den siste krimromanen om TV-journalisten Kajsa Coren er lagt til bedehusmiljøet i kystbygda Losvik. Journalisten og småbarnsmora flytta tilbake til bygda hun budde i fram til ho var ti år. Når ei kvinne i bygda vert drepen, vert historiene rulla opp.

Lesarane får vi eit glimt frå ei jente som vart sendt til ein predikant for å få hjelp. Han svarte med å forgripe seg på henne.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Etterpå tok han ansiktet hennes mellom hendene, så henne dypt inn i øynene, smilte igjen dette vennlige smilet som hun ikke lenger fant beroligende, og sa: – Vi er alle syndere, men Gud ser i nåde til oss. Du skal komme tilbake til meg, så skal alt bli bra. Og det som skjer i dette rommet, må være din og min hemmelighet. For hvis du snakker høyt til andre om det, kommer Satan og tar deg».

Eigne røynsler

Forfattaren har også eigne røynsler som har gjort at problematikken kjennest nær. For nokre år sidan vart ein kristenleiar som Teige kjende godt frå ungdomstida dømt for fleire valdtekter.

– Han var ein fantastisk fyr, usedvanleg god til å halde andakt. Born og eldre sat musestille. Eg trur mange unge var avstandsforelska.

På ein barneleir der ho var leiar, fekk han henne for seg sjølv. Ho var 17-18 år, han var i tjueåra.

- Han prøvde stikke handa mi ned i buksa si. «Herlighet for ein idiot», tenkte eg. Eg var nok så trygg på meg sjølv. For meg var det ikkje ekkelt, og eg gløymde heile greia.

– Kva tenkte du då han vart dømt for valdtekt?

– Eg vart ikkje veldig overraska.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ho opplever at det ikkje er vanskeleg å setje seg inn i opplevingane til jentene og tenkje: korleis ville eg opplevd dette?

– Eg hugsar ein predikant som alle gjekk mann av huse for å høyre. Eg hugsar kor betatt eg vart av han. Han vart også teken med buksene nede.

Sat i retten

Teige følgde tett den såkalte Øygardsaka der den populære Vågå-ordføraren Rune Øygard vart dømt for overgrep mot ei ung jente. Saka styrka kunnskapen og engasjementet for overgrepsutsette.

– Mitt engasjement for å skrive boka vart ikkje mindre av at eg følgde saka i tingretten og lagmannsretten. Øygardsaka gav meg større innsikt og forståing for mekanismane som oppstår mellom vaksne personar som begår overgrep og korleis unge jenter kan bli bondefanga og forelska.

I krimboka vert overgrepssaker dyssa ned og ordna opp på kammerset. Då overgrepssaker i lågkyrkjelege miljø på Vestlandet vart rulla opp på nittitalet, tok etter kvart organisasjonane tak, laga retningslinjer og kursa leiarar.

– Opplever du at det har skjedd ei haldningsendring?

– Ja, iallfall når eg snakkar med kristenleiarar. Dei har forstått at dei må ta dette på alvor. Det har dei også gjort. Men problemet er at det ofte er ord mot ord og der unge jenter gjerne blir sett på som ustabile. Det er ofte dei sårbare som treng merksemd som vert utsett. Så får dei ein slik person. Då er det til og med vanskeleg for politiet å etterforske når det er ord mot ord. Men eg opplever at ein i kristne miljø tek dette med eit mykje større alvor enn før, mellom anna takka vere Gro Skartveit.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Skartveit var tidlegare tilsett i Indremisjonsforbundet og fortalte opent om overgrep ho vart utsett for av ein predikant. Seinare skreiv ho boka «Ulvar i lammeflokken», ei bok som er ei brikke i krimmysteriet i boka til Teige.

– Du er ikkje redd for å sverte bedehusmiljøet slik du skildrar det?

- Eg tenkjer at ein må tåle det. Viss ein ikkje tåler at ein set lys på smerten og skammen som kvinnene kjenner på, så sviktar ein dei svakaste.

Kaffi og pensko

Mellom rystande overgrep og løyndomar, teiknar også forfattaren eit varmt og lunt bilete av miljøet på bedehuset.

Hovudpersonen Kajsa går inn på bedehuset som vert omgjort til politiets og pressens operasjonsbase. Her ruslar Kajsa rundt og let barndomsminne strøyme på.

«På kjøkkenet var en gjeng kvinner allerede i gang med å koke kaffe på de store kaffekjelene. Hun kjente duften med det samme hun åpnet inngangsdøra, og fikk flashbacks til juletrefestene i barndommen: tynne strømpebukser, kjole, skifte fra utestøvletter til pensko, fryse i den iskalde gangen, skynde seg inn i varmen på kjøkkenet, til moren og de andre kvinnene som stelte i stand mat og kokte kaffe».

Kajsa går frem til scenekanten og ser på det store biletet på veggen bak talarstolen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«En engel sto ved siden av en åpnet, tom grav, en nisje i en bergvegg. En stor stein var dyttet vekk fra åpningen.»

– Dette er eigentleg mine eigne minne. Det biletet bak preikestolen er det biletet som heng på bedehuset heime, seier Teige.

Sjølv har ho mykje godt å seie om oppveksten i eit lågkyrkjeleg miljø på sunnmørskysten.

– I Herøy er det mange øyer. Alle hadde sitt bedehus. Det var ein samlingsstad i bygda. Alle gjekk der, om ikkje alle gjekk der for forkynninga si skuld. Det var basarar og misjonærar som kom heim og fortalde om Afrika. Vi fekk heile verda inn på bedehuset. Det var fantastisk.

Samtidig som hovudpersonen Kajsa har gode barndomsminne, reflekterer ho også over andre forhold i bedehusmiljøet. At dei som har vitna om trua si på bedehuset samstundes er uvener med broren sin.

– Dette kvardagslivet vårt, korleis er vi der? Kor langt strekk nestekjærleiken seg i kvardagslivet?

– Er svaret at det strekk seg kort?

– Det kan eg ikkje seie. Eg har ikkje budd i bedehusmiljø på mange år, men eg reflekterte over det i oppveksten. Baksnakkinga. Uvenskapen. Ein finn det også mellom dei som snakkar varmt om tilgjeving og nåde. Det kviler eit stort ansvar på dei som snakkar høgt om slike verdiar, ikkje minst dei som er i ein leiande posisjon. Overgrep er spissformulering av hykleri.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Rokkar ikkje ved trua

- Korleis har overgrepssakene prega ditt eige forhold til det lågkyrkjelege miljøet?

– Eg har det same forholdet som eg alltid har hatt. Det har ikkje rokka ved trua mi. Ein må skilje mellom forkynning og person. Det viktigaste med miljøet er at det fins folk der som kan ta tak i sakene. Eg kan ikkje seie at det pregar forholdet mitt til miljøet eller kristne organisasjonar.

– Et det ikkje vanskeleg å skilje sidan predikanten representerer Gud og organisasjonen for mange?

– Eg kan forstå det er vanskeleg. For meg er det viktig å seie at dette er roten frykt som må ut og som må stå til ansvar. Og så må ein ta vare på kvinnene.

- Ville du sendt dine eigne born på leir i kristne miljø?

– Ja, det har eg nettopp gjort. Borna mine har vore på konfirmantleir i sommar. Eg har ikkje problem med det i det heile. Ville vi hatt problem med å la dei spele fotball? Vere med i AUF eller Framstegspartiets Ungdom? Ein kan ikkje bli hemma i livsutfaldinga, men tenkje at verda går framover.

– Kan vi vente oss fleire krimbøker frå lågkyrkjeleg miljø?

- Det skal du ikkje sjå vekk frå. Folk kjem med historia si etter å ha lese bøkene. Det er også i ferd med å skje no. Folk kontaktar meg om ting dei har opplevd og som dei vil at eg skal ta opp.

Trude Teige

Teige har jobba som politisk reporter, nyhetsanker og programleiar i TV2 sidan starten i 1992.

Ho vart tildelt Kringkastingsprisen i 2008.

I 2002 debuterte ho med ein historisk romanen.

Ho har tidlegare skrive tre krimromanar om TV-journalisten Kajsa Coren.

I 2002 debuterte ho med ein historisk romanen.

Les også
Tar opp kampen mot voldtekt i krig
Les også
18-åring pågrepet for overgrep mot jente på skoleveien
Les også
Jenter bortføres i Nord-Irak
Les også
Sammenligner kamp mot abort med torturThe Center for Reproductive Rights