En statue av hindu-guden Shiva i Rishikesh, India. Foto: Adobe Stock

Yoga: Sel ikkje sjela di til Shiva

Det fins ingen yoga utan hinduisme, og det fins heller ingen hinduisme utan yoga! Det er godt for kroppen med vanleg gymnastikk, men ikkje sel sjela di til Shiva!

Yoga, mindfulness, healing, og tankekraft er populære åndelege områder for tida. I tillegg er det engledyrking og kontakt med «dei på andre sida». Alt kjem frå den store sekken New Age, og har ei sterk antikristeleg ånd med seg. Det kryr av folk som skal introdusere deg på dei ymse områda, og på yoga-agnet legg dei ein fin glasur på, som dei kallar «kontroll over sansane».

I seinare tid er det blitt eit press på kyrkjer, skular og barnehagar for å få inn yogareligionen. Nyst var det Glemmen Kyrkje i Fredrikstad som hadde stor yogagudsteneste, der folk i mengder låg på golvet med yogaøvelsar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Veien til lykke er sansekontroll blir det ropt av yogalæraren. Jesus Kristus har vore vegen til glede og fred for det norske folk i mange hundre år. Kva veg vel du og eg i dag? Det er vel neppe lenge til det blir yogagudstenester i mange kyrkjer rundt om i landet. Guden Shiva er den viktigaste guden i yogaen. Når du ikkje lenger pustar inn eller ut har du oppnådd fullkomen frelsenirvana.

Yoga har sitt opphav i hinduismen og buddhismen, og i vestlege land blir yoga presentert som personleg utvikling. Vi ser i dag ein straum av folk som reiser til India og møter ein «hinduguru» som er langt inne i yogaen. Han lærer ifrå seg til folk frå heile verda, og dei norske som er i lære, vender heim att, og byrjar med yogakurs for einfaldige nordmenn.

Det blir framstilt som dette er berre ein form for gymnastikk med pusteøvelsar. Det er her vi må vere meir ærlege med kvarandre om kvar dette fører oss. Om ein les avhandlingar om yoga frå mange professorar, så er det alle som dokumenterer at yoga har si rot frå hinduisme og buddhisme med ein åndeleg og religiøs kjerne. I yoga brukar du også startmotoren, nemleg mantraordet, som er kontakt med, påkallelse og tilbeding av åndsmakter.

Det er akkurat som når du skal starte ein bil: du må vri på startnøkkelen, så vil motoren starte, og ta deg dit du ynskjer. Slik er det når du brukar mantraordet: Du koplar deg til den åndelege verda, der åndsmaktene rår grunnen. Eg har fylgd med dette med yoga sidan 1970-talet. Det var folk eg kjende som reiste til Oslo og byrja med yoga allereie den tida. Etter ei tid gjekk enkelte av dei lenger inn i dette, frå hathyoga til Kundaliniyoga. Då såg eg ein som endra personlegheit, og livet «gjekk over styr».

Det vart svært alvorleg for meg då eg oppdaga dette. Eg har aldri sjølv praktisert yoga, eg skyr det som pesten! I tidlegare tider var dei unge kvinnene i bygd og by opptatt med å sende ut misjonærar som kunne gi ordet om Jesus Kristus til folk i austen. No reiser mange kvinner ut og hentar hit til oss austen sine gudar.

Er du ein bekjennande kristen då har du Den Heilage Ande som bur i deg. Sløkk ikkje ut anden! Det fins ingen yoga utan hinduisme, og det fins heller ingen hinduisme utan yoga! Det er godt for kroppen med vanleg gymnastikk, men ikkje sel sjela di til Shiva!

Les også
Bibelgruppe motsetter seg utleie av kirken til yoga
Les også
Skal vi ikke tillate de nyreligiøse å komme til våre kirker?