Vigsle av samkjønna par og kyrkjeleg medlemsras

Utviklinga! Den har vel framtida for seg! Ja, mun det? To av mine vener frå USA har vore prestar i ELCA, arnestad for lutherdom i USA. Men dei opplever at medlemstalet rasar nedover, som i Dnk, med forlatne kyrkjebygg.

Liberal likegyldigheit er viktig nok grunn til at desse og andre liberale kyrkjer får minska oppslutnad, men like gjerne vigsle og velsigning av samkjønna par, er katastrofa som fører til medlemsras av god grunn. Kristne må våga å samla seg mot sviket iDnk og byggja ei klassisk luthersk kyrkje med konstitusjon som hindrar nye mytteri fråÅpen Folkekirke.

Den største lutherske kyrkja i Verda er Mekane Yesus-kyrkja iEtiopia. Utbrytarsynodane frå liberale kyrkjer i Nord og nye lutherske kyrkjer i Sør, melder seg nå inn i Inter-National Lutheran Council (ILC). Medlemstalet i kyrkjer som høyrer til International Lutheran Council har forlengst passert 15 millionar medlemmer og talet stig raskt. Denne samanslutnaden er nå tonegjevande på kostnad av LWF (Lutheran World Federation), som med tida vert nummer to, sitjande att med Dnk og andre liberalkuriositetar opp mot Nordpolen, utan kontakt med veksande kyrkjer i sør.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I land mot nord, som har fått samkjønna vigsle godkjent i kyrkje og stat, forlet homofile si gamle kyrkje, vert det sagt, og går til katolikkane og andre konservative kyrkjer, Den romersk-katolske kyrkja har cirka halvparten av alle kristne i Verda, medan hurtigast veksande kyrkjer: Pinse- og karismakyrkjer sannsynleg til saman har det nest høgaste medlemstalet. Dei har erobra dei store byane i Verda, ved Paulus’ urbane metode: Evangelisering frå base i byane ut i omlandet. Ortodokse kyrkjer kjem på tredjeplass.

LES:- Ikke vi som splitter kirken

Alle desse tre største i verda, har struktur som gjer at dei står for Bibelen sine ord i homofilisaka; difor kan me jekke ned den liberale nordiske arrogansen eit par hakk, liberale skandinavar er ikkje aleine i verda. Kristne som står for det Bibelen seier om ekteskap, er tydeleg i majoritet blant kristne i verda. Majoriteten er sterkt aukande på grunn av vekst i nemnde tre største kyrkjesamfunn og formidabel generell kyrkjevekst i Sør.