Sterke reaksjoner etter radio-gudstjeneste på bensinstasjonen

Bileigar vart sett heilt ut og måtte oppsøkja fastlegen etter å ha blitt møtt av «Deg å få Skoda» då han skulle kjøpa ny isskrape.

HUMOR og skråblikk finner du i Krykkjebakkposten.

----

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei siste dagane har Krykkjebakkposten blitt nedringt av sinte b­ilistar og andre kundar på den lokale «tappen». Årsaka er den ­totalt overrumplande opplev­inga dei hadde i tidsrommet 11 til 12 sist søndag, då radio­gudstenesta på NRK P1 runga over eit høgtalar­anlegg der det vanlegvis blir spelt roleg popmusikk frå 70- og 80-talet.

– Det er uhøyrt at moderne menneske skal bli besudla med religiøs indokterining på denne måten, seier fastlege Pontius Pillefjord, som tilfeldigvis også er leiar i Krykkjebakksundet humanist- og innflyttarlag.

Sterke kjensler

Ein bileigar fortel at han han sit att med sterke kroppslege og psykiske reaksjonar etter at han søndag føremiddag skulle kjøpa seg ein ny isskrape før frosten set inn.

– Eg var knapt komen inn døra før songen «Deg å få Skoda» slo mot meg med ein lydstyrke på anslagsvis 70-80 decibel. Og eg som endeleg har greidd å kvitta meg med den gamle skramlekassen av ein Skoda, fortel mannen.

– Skodaen hadde sine manglar, men eg var frykteleg glad i han. Eg fekk difor ein sterk kjensle­messig reaksjon då bodskapen om mitt personlege forhold til Skoda slo mot meg på bensinstasjonen, legg Volvo-eigaren til.

Mannen fortel at han måtte snu i døra - diverre med det resultat at han skalla hovudet hardt inn i dørkanten.

– Doktoren har gitt meg diagnosen hjarneskaking og psyko-sosialt stress på grunn av religiøs maktmisbruk. Eg er sjukmeldt i fjorten dagar.

– Ikkje rett

Ein tidlegare korsongar fortel at ho på forsommaren vart ekskludert frå kyrkjekoret grunna ­manglande notekunnskap.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Ei traumatisk oppleving, som eg så vidt var komen over, fortel kvinna i 50-åra.

Også ho vil vera anonym.

– Eg var innom bensinstasjonen for å kjøpa meg ei pølse og skulle til å spruta ketsjup på pølsa då vakker korsong runga over lydanlegget. Eg blei satt heilt ut, sølte ketsjup på jakken og sprang gråtande ut av butikken. Det er ikkje rett at ein skal oppleva slikt berre fordi ein vil ha seg ein matbit ein søndags føremiddag, seier ho.

Arnulf Øverland

Fastlege Pontius Pillefjord fortel at han dei siste dagane har hatt mange pasientar med liknande opplevingar.

– Det er forferdeleg at ein skal oppleva slikt i år 2017, seier humanist-høvdingen, som trugar med å ta saka til Menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

– Det treng han ikkje, meiner bensinstasjonseigar Primvald Krykkjebakk d.y.

– Me hadde berre eit lite problem med den nye DAB-radioen ­denne søndagen. Det kjem ikkje til å ­gjenta seg.

– Kva slags musikk blir det på bensinstasjonen komande søndag?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg hadde tenkt å stilla radioen innpå den nye retrokanalen Vinyl, men har droppa det. Ein veit aldri kva dei finn på å spela på desse radiokanalane. Plutseleg kjem «Tore Tang» og Jesus, så eg kjører «safe» med gamle opptak av vermeldingar for fiskebankane og litt diktlesing med Arnulf Øverland.