Emil André Erstad havnet på akuttmottaket på Ullevål sykehus etter en sykkelulykke i Oslo mandag. Foto: Selfie

– Sjekk deg ein gong for mykje heller enn ein gong for lite

«Dette høyrest kanskje litt dramatisk ut, men no kjem du til å bli sendt med ein ambulanse til Ullevål der eit traumeteam på ti personar vil sjekke deg frå topp til tå. Vi tar dette alvorleg.»

Emil André Erstad havnet på akuttmottaket på Ullevål sykehus etter en sykkelulykke i Oslo mandag.

Eg og sykkelen fekk oss ein real kilevink under Sinsenkrysset, på grunn av ein meiningslaus betongklosse (!) i sykkelvegen.

Men eg tenkte at det ikkje var verre enn at eg likevel kunne sykle på jobb, sjølv om smertene i høgre side av magen var ganske sterke etter flyturen over sykkelstyret.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ein bør vite at eg vanlegvis er tidenes hypokonder, så eg meinte altså at det ikkje var _noko_ å bekymre seg for.

På jobb skreiv eg ein kronikk (!), møtte ein stortingsrepresentant på Stortinget og ein kjend professor på Blindern.

Så gjekk ein ein tur på toalettet, og pissa blod. Tenkte det var litt rart, så eg sende ein melding til sjukepleiarstudent-Kristin. Ho tilrådde - naturleg nok - legevakten. Men eg tenkte at det eigentleg var litt stress, eg hadde ein del ting å gjere først, så eg drøya det.

Rundt lunsj somla eg meg til legevakten, og der vart eg til mi store overrasking kjapt prioritert fram i køen. Legen som møter meg ser meg alvorleg inn i augene og seier:

«Dette høyrest kanskje litt dramatisk ut, men no kjem du til å bli sendt med ein ambulanse til Ullevål der eit traumeteam på ti personar vil sjekke deg frå topp til tå. Vi tar dette alvorleg.»

Eg vart litt mållaus. Vel framme på Ullevål fekk eg på nakkekrage, kateter, slangar og mykje anna, medan dei sjekka med CT, røntgen, EKG og det som måtte gjerast. Superprofesjonelt. Superfort.

Etter litt tid kjem det fram at eg har fått ei rift som blør i nyra og at eg har knekt av ein liten bit nederst på ryggsøyla. Begge delar heldigvis ganske harmlause og utan varige mén.

Dagen lærte meg likevel nokre ting.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det første er at ein skal høyre på dei som seier du bør sjekke deg ein gong for mykje heller enn ein gong for lite.

Det andre er kor takksam eg er for det norske helsevesenet - eg er glad eg datt og slo meg i Oslo, og ikkje i Damaskus.

Det siste er at folk bør slutte å legge frå seg betongklossar i sykkelvegen.

Og ja, eg brukar alltid hjelm.

Dette innlegget ble først publisert på Erstads Facebook-side.

Les også
Nytt byråd i Oslo: Sykkel - kirke 31-0Nytt byråd i Oslo
Les også
MDG: – Vi skal gjøre Oslo til en grønnere by