Prinsesse Märtha Louise og sjaman Durek under foredraget på Clarion hotell i Stavanger. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Sjamanisme i kongehuset og kyrkja

Det meste skal vere tillate, grensene vert flytta stendig lenger vekk frå kyrkja sin grunnvoll. Kanskje folk flest seier klart frå altfor sjeldan?

Vi har siste dagane vorte fora godt med nyhende kring prinsesse Märtha og ein amerikansk sjaman. Dei har gått saman om ein turne rundt i landet for å orientere om sjamanisme og kva denne står for. Dei to har også stått fram som kjærastar. Kongefamilien har uttalt seg i positive vendingar om det heile. Ja, kva anna kunne dei gjere?

Eg må lese meg opp – kva er sjamanisme? Leitar vi, vil vi finne ein heil del – då særleg på nettet. Her skal eg ta med eit lite avsnitt frå det eg fann:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Sjamanisme er en religiøs praksis basert på troen på at naturen er besjelet og at mennesker kan kommunisere med en åndeverden. Personer som hevder de er i stand til å utveksle budskap med åndeverdenen omtales som sjamaner. Sjamanisme er blant annet særpreget ved teknikker for å oppnå ekstase eller transe.

Sjamanisme kategoriseres vanligvis som naturreligion sammen med paganisme, og til forskjell fra semittiske religioner (kristendom, jødedom og islam) og østlige (buddhisme, hinduisme) Det er uklart om sjamanisme kan regnes som en religion med læresetninger.

Sjamanisme beskrives som en måte å utforske virkeligheten på, en rituell uttrykksform og kan ha vært menneskets eldste åndelig praksis. Sjamanisme har vært praktisert i tusenvis av år og arkeologer har funnet spor av sjamanistisk virksomhet mer enn 30.000 år tilbake, det vil si tilbake til steinalderen.

Sjamanisme har vært praktisert fra Grønland til Afrika, Asia, Amerika, Australia og det førkristne Europa. Sjamanistiske tradisjoner har også gitt inspirasjon til nyreligiøse retninger hvor tilhengerne anser seg selv som tradisjonsbærere av urfolks opprinnelige religion.» (Wikipedia)

Nok sitat. Kvifor ta dette opp i eit avisinnlegg? Eg er skuffa over at ein representant for kongehuset nummer fire i arverekkjefølgja står fram på denne måten.

Ho kastar mørke skuggar over seg sjølv og resten av dei norske kongelege. Eg er dessutan skuffa over biskopen i Stavanger som sa ja til at dei to skulle få nytte kyrkjerom i Stavanger. Det svekker mi tidlegare relative positive haldning til våre kongelege og kongehuset generelt.

Heldigvis kjem det melding torsdag 15. mai om at ja har blitt til nei i Stavanger. Sjamanen er skuffa. Lat han vere det! Syng heile monarkiet på siste verset?

Deler av kyrkja si haldning er elles heller lite å gle seg over. Det meste skal vere tillate, grensene vert flytta stendig lenger vekk frå kyrkja sin grunnvoll. Kanskje folk flest seier klart frå altfor sjeldan?