Presteforeninga og læreembetet

I Preste­for­ei­nin­ga held ein seg altså med ei for­stå­ing av bis­ko­pen - nei, bispe­mø­tet - som ikkje berre skal drive med til­syn, men som i til­legg av­kla­rar lære­spørs­mål. Dette synet på lære­auto­ri­tet ville fått den mest pave­tru ro­mersk-ka­tols­ke teo­log til å sper­ra opp augo i van­tru.

Sty­ret i Preste­for­ei­nin­ga (PF) krev li­tur­gi for like­kjøn­na par i kyr­kja. Dette gjer vald leiar i PF, Gun­nar Minde­strøm­men, greie for i Vårt Land.

Han grunn­gjev kra­vet med at kyr­kja må legga til rette for dei pres­ta­ne som ønskjer å vigs­la like­kjøn­na par. Ein li­tur­gi er naud­synt for å kunne leva med to syn i denne saka, hev­dar Minde­strøm­men.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Teo­lo­gisk er dette kra­vet for­ank­ra i eit split­ta bispe­møte, ju­ri­disk er det for­ank­ra i end­rin­gar i den stat­le­ge ek­te­skaps­lova.

Denne for­tol­kin­ga ska­par strid, sjølv­sagt, etter­som ho er eit parts­inn­legg. Det kan ikkje Minde­strøm­men for­stå. I eit inn­legg på heime­si­de­ne til Preste­for­ei­nin­ga kla­gar leia­ren over at han får kla­ger frå den andre par­ten.

Men det er nok lod­det ved å vera part i ei sak. Ein kan ikkje både krev­ja li­tur­gi for like­kjøn­na og sam­stun­des hevda at dette ved­ta­ket ikkje skul­le vera eit inn­spel i ein ak­tu­ell de­batt. Det un­der­lege er at leia­ren i ei fag­for­ei­ning ikkje skjø­ner at han ikkje kan sitja på begge sider av bor­det sam­stun­des.

Det ver­ke­leg opp­sikts­vek­kan­de er li­ke­vel den teo­lo­gis­ke grunn­gje­vin­ga han gjer seg til tals­mann for. På heime­si­de­ne til Preste­for­ei­nin­ga skriv han at sen­tral­sty­ret bare im­ple­men­te­rer bis­pe­teo­lo­gi og stats­juss. Dette røper eit svært spe­si­elt syn på teo­lo­gi.

Etter­som eit fleir­tal av bis­ko­pa­ne har over­teke sta­ten sin de­fi­ni­sjon av ek­te­skap og ut­talt at like­kjøn­na ek­te­skap har same teo­lo­gis­ke sta­tus som ek­te­skap mel­lom mann og kvin­ne, så har vi ein ny lære­si­tua­sjon. Det er sjølv­sagt rik­tig, spørs­må­let er kva den nye lære­si­tua­sjo­nen in­ne­ber.

Er lære­spørs­mål som in­volve­rer ska­pings­vil­je og kyr­kje­ord­ning av­klart? Det mei­ner ty­de­leg­vis leia­ren i PF, som kro­nar ar­gu­men­ta­sjo­nen sin med denne - lu­thersk sett - fan­tas­tis­ke set­nin­ga:

«Det er bispe­mø­tet som er det or­ga­net som skal av­kla­re kva som er rett lære i kyr­kja vår.»

I Preste­for­ei­nin­ga held ein seg altså med ei for­stå­ing av bis­ko­pen - nei, bispe­mø­tet - som ikkje berre skal drive med til­syn, men som i til­legg av­kla­rar lære­spørs­mål.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette synet på lære­auto­ri­tet ville fått den mest pave­tru ro­mersk-ka­tols­ke teo­log til å sper­ra opp augo i van­tru: Her sit det altså ein flokk em­bets­menn. Dei har på mys­tisk vis fått over­ført evna til å av­kla­ra lære­spørs­mål. Som eit ge­ne­ral­kol­le­gi­um sit dei der, og Minde­strøm­men og preste­ska­pet skal som ly­di­ge ser­sjan­tar im­ple­men­te­ra dei teo­lo­gis­ke di­rek­ti­va som kjem frå desse.

At denne auto­ri­tæ­re, by­rå­kra­tis­ke tol­kin­ga av lære­spørs­måls­av­kla­ring ikkje høy­rer heime i ei lu­thersk kyr­kje, seier seg sjølv. Her på ber­get har ein nok em­bets­teo­lo­gi, men han spring ut av læra om at alle døyp­te er pres­tar for Gud.

Rett lære i kyr­kje­leg for­stand er knytt til ein be­stemt re­sep­sjons­es­te­tikk, til Skrift og ved­kjen­ning, ikkje til ved­taka på eit bispe­møte.

Den kyr­kje­le­ge lære­dan­nin­ga er nett­opp ikkje av­klart før kyr­kje­ly­den har høyrt Kris­ti stem­me gjen­nom denne læra. Har kyr­kja høyrt Kris­ti ord gjen­nom den nye ek­te­skaps­læra til fleir­tals­bis­ko­pa­ne? Eller som ein sa på riks­mål i gamle dagar: Hører få­re­ne hyr­dens stem­me?

Leia­ren i PF må gjer­ne gjera seg til tals­mann for at kyr­kje­lei­in­ga i denne si­tua­sjo­nen skal inn­føra li­tur­gi­ar for like­kjøn­na par. Det står han heilt fritt til. Men at han grunn­gjev synet sitt med at læra er av­klart, det står ikkje til tru­an­de. At han i til­legg hev­dar at bispe­mø­tet av­kla­rar kva som er rett lære i kyr­kja vår, det er i strid med lære­grunn­la­get.

I til­legg ar­gu­men­te­rer Preste­for­ei­nin­ga for inn­fø­ring av ei ord­ning med vig­sel av like­kjøn­na, fordi ut­ford­rin­ga i dag er er at «mange pres­ter som øns­ker å vie like­kjøn­ne­de par, ikke har li­tur­gi fast­satt av Kirke­mø­tet for å kunne gjøre dette.»

Inn­fø­rin­ga av ei slik ord­ning fram­står for sen­tral­sty­ret i PF som upro­ble­ma­tisk, så lenge dei som ikkje stør ei slik ny ord­ning har høve til å nytta seg av re­ser­va­sjons­ret­ten.

Dette er i beste fall ein mer­ke­leg ar­gu­men­ta­sjon frå ein ar­beids­ta­kar­or­ga­ni­sa­sjon. Her ar­gu­men­te­rer ein altså med ut­gangs­punkt i sam­vi­tet til ei grup­pe for å inn­føra ei ny ord­ning, før ord­nin­ga er på plass, og så bru­ker ein re­ser­va­sjons­rett-prak­sis som re­to­risk brekk­stang for å inn­føra ord­nin­ga.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Joar Haga

førsteamanuensis ved NLA Høgskolen

Les også
Prestene sier ja til å vie homofile
Les også
Fra fagforening til aktivistgruppe