TAKK: I staden for å rakke ned på bøkene der dei tok vare på orda om Jesus til vår tid, burde vi takke Gud for den truskapen dei viste og lesa bøkene deira med glede, skriv Hans J. Sagrusten.

Om Det store puslespillet

Per Bergene Holm skriv om boka mi i Dagen den 30. september. Eg vil gjerne kommentere noko av det.

Bergen Holm skriv at « vi har svært få manuskripter fra før år 400 e.Kr.»

Dette er ikkje rett. Det finst i dag ca. 110 manuskript til Det nye testamentet frå før år 400. Blant desse er det både heile nytestamente, delvis bevarte evangeliebøker og mindre delar av boksider.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

110 manuskript som ligg mindre enn 300-350 år etter originalen i tid, er ikkje «svært få». Tvert imot er det eit sensasjonelt høgt tal, om ein samanliknar med andre skrifter frå antikken.

Det vanlege er at forskarar på antikke verk må klare seg med fem, ti eller tjue eksemplar av ei bok, og at desse manuskripta ligg nærare tusen år etter originalane i tid. Det nye testamentet skil seg frå andre antikke verk ved å finnast i svært mange og svært tidlege manuskript.

For litt over hundre år sidan kjende ein berre til Codex Sinaiticus og Codex Vaticanus frå tida før år 400. Då var det lett å avvise desse manuskripta. Men i dag har dei støtte frå meir enn hundre andre manuskript som er like gamle eller endå eldre. Vi har difor eit solid fundament for å seia: Det nye testamentet er den best bevitna skriftsamlinga frå antikken.

Bergene Holm peikar på at Codex Sinaiticus og Codex Vaticanus er forskjellige mange stader. Dette er sant. Men det same gjeld for alle manuskript av Det nye testamentet.

Same kva for manuskript du legg ved sida av kvarandre, også av dei bysantinske frå mellomalderen, vil du finne hundrevis, ofte tusenvis av små forskjellar i skrivemåten. Dette kjem av at dei er handskrivne. Men vi kan ikkje la vera å bruke dei for det. Også mellom dei sju manuskripta som Erasmus av Rotterdam brukte då han sette saman Textus Receptus i 1515, fanst det forskjellar.

Noko som er uheldig i innlegget til Bergene Holm er at han spreier ein idé frå 1800-talet om at Codex Sinaiticus og Codex Vaticanus «har blitt lagt til side» og at dette er grunnen til at dei er «bevart i så god stand».

Sanninga er at desse to manuskripta har uvanleg tydelege merke etter å ha vore brukte og lesne, ikkje berre på 300-talet, men i mange hundre år etter det. Mange ulike hender har gjennom hundreåra gjort merknader i margen og i teksta. Så seint som på 900-talet har nokon gått over alle bokstavane i Codex Vaticanus med nytt blekk, fordi skrifta hadde bleikna. Boka skulle altså brukast.

Ja, Codex Vaticanus er eit særskilt godt døme på at eit manuskript vart brukt og lese, stelt med og teke vare på i hundrevis av år. Når Bergene Holm skriv at det «tydeligvis har blitt lagt til side» er det altså ikkje rett. Manuskriptet har tvert imot vore i bruk i minst seks hundre år.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ideen frå 1800-talet går ut på at den tekstforma som Erasmus fann i manuskripta frå 1100- og 1200-talet, må vera endå eldre enn den vi finn i manuskripta frå 300-talet. Men dessverre, seier ideen vidare, har ikkje eit einaste av desse eksemplara overlevd til i dag, fordi dei vart utslitne av bruk.

Med denne argumentasjonen kan du bevise kva som helst. For eksempel at Einar Gerhardsen i 1950 gav ut boka «Hvorfor jeg elsker Høyre». Det beste beviset på at boka var kjempegod, er jo at alle eksemplara er utslitne og ikkje kan finnast att i dag.

Om det er éin ting som kjenneteiknar dei over hundre manuskripta vi har frå før år 400, er det at dei er godt brukte. Somme av manuskripta har merke etter at dei har vorte reparerte. Dei kristne elska desse bøkene og las dei i filler. Nokre av fillene er ved eit Guds under bevart til vår tid.

Noko som gjer meg trist når ein kritiserer manuskripta frå 200- og 300-talet, er at ein indirekte kjem i skade for å tale nedsetjande om dei kristne i oldkyrkja. Desse brørne og systrene våre stod fast i trua gjennom forfølgingane i Romarriket, og med fare for sitt eige liv handskreiv dei stadig nye eksemplar av dei heilage skriftene. I staden for å rakke ned på bøkene der dei tok vare på orda om Jesus til vår tid, burde vi takke Gud for den truskapen dei viste og lesa bøkene deira med glede.

Til slutt: Per Bergene Holm og eg er einige om at Joh 7,53 – 8,11 høyrer heime der teksta står i Johannesevangeliet. Forskjellen er at eg vil vera open om den uvanlege vegen teksta har hatt inn i evangeliet, medan Bergene Holm ser ut til å meine at teksta alltid har stått der ho står. Det har ho ikkje. Men eg les likevel Joh 7,53 – 8,11 med glede, på lik line med alt anna i Guds ord.

Les også
Det store puslespillet