Ny giv i samarbeidet med Israel

Det er fantastisk å sjå den positive utviklinga vi er vitne til i samarbeidet mellom våre to land.


Nye tal syner at handelen med Israel aukar. Importen er på nivå med 2015, medan eksporten har aldri vore større. Den gjekk opp frå 1,069 til1,375 milliardar i 2016. Dette er synleggjer den betydning Israel har i handel med Norge.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er fantastisk å sjå den positive utviklinga vi er vitne til i samarbeidet mellom våre to land. Utanriksminister Børge Brende var nyleg i Jerusalem der han og statsminister Benjamin Netanyahu underteikna ein intensjonsavtale om meir samarbeid innan forsking og innovasjon.

Dette er ei politisk oppfylgjing av eit ynskje frå statsminister Erna Solberg og regjeringa, om sterkare kulturelle og økonomiske samband med Israel. Dette er to små demokratiske nasjonar som også kan stimulera kvarandre i utvikling og forståing av demokratiet i tida som kjem.

Med stor nedgang og arbeidsløyse i oljerelatert industri, må vi i Norge satsa på forsking og innovasjon for å kunna snu den negative utviklinga. Samarbeid med Israel er også ei stor satsing frå regjeringa, noko olje og energiminister Terje Søviknes har understreka. Med leiande forskings – og innovasjonsmiljø i begge land vil ei utveksling av kunnskap gagna utviklinga for begge partar.

Prosessen med avtalen har teke mange år - og er historisk. Difor er det gledeleg at utanriksminister Børge Brende seier at intensjonsavtalen er eit resultat av innsatsen til regjeringa med sikte på å styrka det bilaterale samarbeidet med Israel.

KrF ser positivt på denne utviklinga. Israel er eit lite land som gjev verdssamfunnet store bidrag på ulike område. Her har landet vårt mykje å henta.


Torill Selsvold Nyborg

Stortingskandidat Hordaland KrF

Artikkelen fortsetter under annonsen.



24487,��t� ��