KINA: Sjølv om Kina mislikar sterkt at nokon kritiserer dei, kan vi ikkje bli stille, skriv Johannes Morken. På biletet ser vi utanriksminister Ine Eriksen Søreide i samband med fakkeltoget for trus- og livssynsfridom i fjor.

Når staten forbyr unge å gå i kyrkja

Barn og unge under 18 år har forbod mot å gå i kyrkjer og moskear i Kina. Den meir og meir totalitære stormakta er ikkje åleine om grove inngrep mot barns trusfridom.

Ei rad land brukar kampen mot ekstremisme og terrorisme til hardhendte angrep på trusfridommen. Kampen mot ekstremisme er viktig. Men kampen blir farleg når inngrepa rammar vanlege religiøse aktivitetar og når den med forbod, straff eller politipress stengjer barn og unge ute frå gudshus.

Årets fakkeltog for forfølgde set søkelys på barna som offer når autoritære regime brukar jernhansken mot trusfridommen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kinas sterke mann Xi Jinping innførte frå 1. februar ei revidert religionslov som mellom anna forbyr barn og unge barn under 18 år å gå i gudshus.

Formelt har dette vore forbode lenge. Men i eit par tiår har styresmaktene sett mellom fingrane med også dette. Mange kyrkjelydar har dessutan vore kreative for å omgå forbodet. Men no vert det handheva.

I Henan-provinsen er både katolske og protestantiske kyrkjer blitt åtvara mot å la barn og unge under 18 delta i gudstenester. Lokale tenestemenn har hengt opp plakatar med ei klar åtvaring, melder Christian Solidarity Worldwide. Styresmaktene i Linxia i Gansu-provinsen, der det bur mange muslimar, har forbode barn å delta i religiøse aktivitetar i skuleferien.

I fleire delar av landet har dei kinesiske styresmaktene brukt skular for å overvaka folks tru og livssyn. Dei har truga med å nekta skulegang på grunnlag av foreldra si tru. I provinsane Zheijang og Henan har fleire skular pålagt studentar og foreldra deira å rapportera kva dei trur på. Anonyme kristne fortel til China Aid at styresmaktene brukte rapportane til å spora opp truande og be dei fornekta trua si.

Artikkel 18 i Konvensjonen om sivile og politiske rettar (frå 1966) gjev foreldra rett til å oppdra barn etter den trua foreldra har. Dei kan også fritt ta med barna i det religiøse fellesskapet sitt.

I Barnekonvensjonen (frå 1989) er barnets rett til å vera subjekt i eige liv verna.

For å unngå at foreldreretten og barnets rett skal kollidera, må foreldra ta omsyn til at barna gradvis utviklar seg og vert modne.

Kina og fleire land i Sentral-Asia bryt prinsippa og vil slett ikkje overlata til foreldra å gjera avvegingane mellom foreldrerett og barnerett.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette landskapet er ikkje problemfritt. Mange norske barn har hatt vonde opplevingar i trussamfunn. Men det er ein lang veg frå den sunne norske debatten om «brende barn», til at den statlege jernmakta grip hardhendt inn.

Her i landet er vi meir og meir samde om at den grundige opplæringa i tru er ansvar for trussamfunna. Då må vi protestera mot at Kina stengjer kyrkje- og moskédørene for barn og unge.

Jernteppet som hadde kløyvd Europa fram til 1989, vart aldri borte i dei tidlegare sovjetiske republikkane i Sentral-Asia. Regima der er livredde for religiøs og politisk ekstremisme og er kritiske til at barn og unge kjem under religiøs innverknad. Det rammar kristne – men i endå sterkare grad muslimar som ikkje følgjer den statsautoriserte versjonen av islam, basert på frykta for politisk opposisjon og islamistisk terror.

Parlamentet i Kasakhstan er i desse dagar i ferd med å stramma til religionslova si endå meir. Det skal slåast hardare ned på at barn og ungdom går i kyrkjer eller moskear. Leiarar i trussamfunn blir straffa dersom dei ikkje kan dokumentera at begge foreldra eller verjer har samtykt i at barn og unge under 16 år deltek i aktivitetane deira.

Det er høgst uklart korleis ein pastor skal kunna vita om begge foreldra, anten dei er gifte eller skilde, har godkjent at ein 16-åring går i kyrkja eller moskeen eller at ein 11-åring går på søndagsskulen. Men paragrafen, som vert stramma inn i den nye lova som passerer parlamentet i haust, legg landet ope for hardt politipress mot både foreldre og trussamfunn. Barna betalar prisen når ei lov kan handhevast så vilkårleg som denne. Styresmaktene i Kasakhstan krev også innsyn i persondata for alle under 18 år som har delteke i religiøse møte.

Den kasakhstanske barnelova forbyr religiøse aktivitetar i alle ferietilbod for barn og unge. Og til dei her heime som vil forby hijab i skulen, seier eg: «Look to Kasakhstan.» Der har skulane i større og større grad stengt dørene for jenter i hijab. Skuleuniform gjeld. Foreldre som har prøvd å gå rettens veg, har gjort det utan å nå fram, melder Forum 18 Newsservice som følgjer utviklinga for trusfridommen i landa som fram til 1991 utgjorde Sovjetunionen.

Også i Turkmenistan er det også svært utfordrande for barn og unge å delta i religiøse aktivitetar, og i Usbekistan er det fleire døme på at politiet har prøvd å hindra ungdom i å vera med i fredagsbøna i moskear.

Dette er berre nokre døme. Og i muslimske Pakistan er det mange døme på at kristne barn og ahmadya-barn vert utsette for harde tiltak i skulane med det som mål at dei skal bli muslimar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Norske styresmakter må ta brot på trusfridommen og menneskerettane elles opp i all dialog med land der rettane vert brotne. Sjølv om Kina mislikar sterkt at nokon kritiserer dei, kan vi ikkje bli stille.

Noreg må mellom anna oppmoda til å endra lovverket som hindrar barn og unge i å delta i religiøse aktivitetar som dei og foreldra ønskjer at barna skal delta i. Religion er ein viktig del av identiteten til menneske.

For muslimar til dømes i Sentral-Asia er det dessutan ein høg pris å betala dersom dei blir kristne. I Usbekistan er det inngrodd at dersom du er usbek (og ikkje éin del av den russiske minoriteten), er du muslim.

Men verken politikk eller sosialt press har stoppa den unge usbekiske kyrkja – huskyrkjer for omvende muslimar. Dei første blei kristne etter at Sovjetunionen fall i 1991. Ein kollega av meg gjesta nyleg den unge kyrkja og nokre av tenåringsbarna til dei første kristne.

Ei 17 år gamal jente hadde alt vore arrestert. Då politiet spurde kven som hadde konvertert henne, svarte ho stolt at ho vart fødd som kristen. Politimannen ante ikkje at det fanst kristne usbekarar.

Desse unge har ein sterk kristen identitet og ei overtyding om at kristendommen ikkje er framand for usbekarar. Dei har eit håp om at den usbekiske kyrkja vil veksa, trass i at regimet her – og i nabolanda – desperat prøver å kontrollera religionen.

Les også
Den totalitære stat (Kina i dag)
Les også
Hvem er «no one»?
Les også
Kristen på kinesisk
Les også
Kongen vil trolig ta opp menneskerettigheter med Kina
Les også
Anklages for å ha beskyttet overgripere – nå går Washington-kardinalen av
Les også
HRW anklager palestinske sikkerhetsstyrker for tortur