TESEREMONI: Den kinesiske teseremonien ei sakte og roleg hending. Det gjer at ein får roa seg ned og kan bruke tid med gjesten, skriv Olav Vestbøstad.

Kristen på kinesisk

Mi vurdering er at det er noko positivt med ordren frå dei politiske styresmaktene i Kina. Det er ikkje ynskeleg at kinesisk kristendom skal vere ein blåkopi av vestlege tradisjonar.

Korleis skal kristendommen sjå ut i Kina? Den politiske leiinga har gitt ordre om at all religion i Kina skal ha eit kinesisk uttrykk. Dette råkar kristendom og islam som har sitt opphav i Midt-Austen. For muslimar er dette svært vanskeleg. Islam er svært nært knytt opp til arabisk språk og kultur. Koranen skal lesast på arabisk og kan heller ikkje omsetjast til andre språk. Ein koran på norsk eller engelsk er i prinsippet ei tolking.

Det betyr også store utfordringar for dei kristne, sjølv om kristendom i utgangspunktet er mykje meir open for å ta i bruk lokale kulturelle uttrykk. Då Paulus tok evangeliet over til Europa, kan me lesa i Apgj. 17 korleis han siterar diktarane Aratos og Kleantes som ein del av forkynninga på Areopagos.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Under ei reise i Kina nyleg fekk eg møte kyrkjeleiarar i den offisielle kyrkja i tre ulike provinsar. Alle var på ulikt vis opptekne av pålegget om sinifisering, eller kinesiskgjering av kristendommen. Me var innom fleire teologiske seminar og opplæringssenter. Alle stader vart det lagt ned store ressursar på å finne ut korleis kristendommen kan presenterast i ei kinesisk innpakning.

Det var stort fokus på opplæring i song og musikk. Sjølv om det finst mange vestlege salmar som er omsette til kinesisk, er det også ein stor lokalprodusert songskatt. Det var tydeleg å merke at songane som har vakse fram i Kina rørte hjarto på ein spesiell måte. For dei aller fleste er ei slik kontekstualisering uproblematisk. Nye kulturar og nye generasjonar skal uttrykke trua på sin eigen måte. Det viktige er at innhaldet er teologisk sunt og bibelsk fundert.

Fleire stader møtte me kristne som var opptatt av å presentere bibelen innanfor rammene av kinesisk kunst. Sentrale bibelvers vart kunstferdig malt med pensel etter form og uttrykk som er vanlege innan kinesisk kalligrafi. Ein kristen restauranteigar hadde pryda veggene i restauranten sin med flotte bilete med bibeltekstar som var malt etter alle dei kinesiske skrivekunstreglane. Andre var opptekne av å framstille Jesus-forteljingane med uttrykk frå kinesisk biletkunsttradisjon. Det siste er kanskje noko meir kontroversielt, men det skjer nok også i Norge at Jesus får eit litt meir nordisk preg enn han historisk sett hadde.

Ein prest var levande opptatt av te og den kinesiske tradisjonen med teseremoniar. Han såg at innanfor rammene av ein kinesisk teseremoni var det mogleg å presentere evangeliet. For det fyrste er den kinesiske teseremonien ei sakte og roleg hending. Det gjer at ein får roa seg ned og kan bruke tid med gjesten. Gjennom ulike innfallsvinklar presenterte han innhaldet i evangeliet. Til dømes kunne han fortelje at på same måten som at tebladet må døy for å gjere si gjerning og gje liv til tevatnet, så måtte Jesus også døy for å gje oss menneske det evige livet.

Konfucius levde ca . 500 år før Kristus. Hans morallære har vore viktig i kinesisk og anna austleg kultur fram til i dag. Mykje av det Konfucius lærte stemmer godt med bibelsk lære om familie og relasjonar. På det eine teologiske seminaret me var innom, hadde ein starta eit prosjekt med å gå gjennom konfutsianske skrifter og samanlikna dei med Bibelen. Målet var å finne kva som var likt i dei to tradisjonane. Den store utfordringa dukkar opp når ein kjem over motsetningar som set Jesus og Konfucius opp mot kvarandre. Kven er det då som får forrang?

Mi vurdering er at det er noko positivt med ordren frå dei ­politiske styresmaktene i Kina. Det er ikkje ynskeleg at kinesisk kristendom skal vere ein blåkopi av vestlege tradisjonar. Det er svært ynskjeleg at kinesiske kristne formidlar kristentrua på sin eigen måte, i sin eigen kultur og med sine kulturelle uttrykk.

Nokre gonger vil innhaldet i Bibelen bryte med lokale tradisjonar og kinesisk politikk. Eg møtte mange kinesiske kristne som, kanskje i endå større grad enn det eg er van med i Norge, ynskjer å halde fast på Bibelen og ta Guds ord på alvor.

Som nordmann blir eg audmjuk i møte med det frimodet dei syner, men eg ser også at me kristne i Norge kan stå saman med våre trussyskjen i Kina ved å ta dei med i våre bøner. Dei treng ikkje vår kultur, men dei treng rettleiing frå Den heilage ande i korleis dei skal leva ut kristentrua på kinesisk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Kina-kommunister hos Misjonskirken
Les også
Kinesiske kommunister på kristen konferanse
Les også
Hadde mistet alt håp – helt til hun leste det som stod på innsiden av en håndflate
Les også
Vil du bli misjonær?
Les også
Bistandssjef imponert over kristen ungdom
Les også
Ten Sing fyller 50
Les også
Ambassadør for verdens mest solgte bok