Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Når kristne spreier falske skremsler

To gonger sist veke blei eg kontakta av norske kristne som uavhengig av kvarandre hadde fått formidla ei alarmerande melding frå India.

Dei vart utfordra til å varsla og be, og det hasta! Varselet, på engelsk, var ille:

«20 kyrkjer vart brende sist natt. I natt vil dei øydeleggja meir enn 200 kyrkjer i provinsen Olisabang. Dei vil drepa 200 misjonærar dei neste 24 timane. Alle kristne gøymer seg i landsbyane. Be for dei og send denne meldinga til alle kristne du kjenner verda over. (...) Be for dei 22 kristne misjonær­familiane som er dømde til å bli avretta.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Meldinga var signert «With Love. Joyce Meyer».

Eg skal ikkje namngje norske kristne som sende meldinga vidare. Kristne kan bli redde og tenkja at det hastar å varsla og be. Eit anna alternativ er først å sjekka fakta.

Eg gjorde eitt søk på nettet. Den same meldinga med det same talet brende kyrkjer og drepne misjonærar dukka opp: Den var spreidd i februar 2010. I april det året vart varselet faktasjekka og funne å vera falsk alarm.

Eg blei kontakta i fjor også. Svaret både då og no er: Vi veit ikkje noko som tyder på at dette er sant. I 2010 sa pastor Samuel Stephens i India Gospel League (IGL) til faktasjekkar-nettstaden Snopes at han ville vore ein av dei første som fekk vita om det, dersom dette var sant, sidan IGL har eit stort nettverk av kyrkjeplantarar og pastorar.

Det falske ryktet hadde «gått viralt» også før 2010. Det vert spreidd i stor fart – på WhatsApp, Messenger eller Facebook-sider til enkeltpersonar eller kyrkjelydar med internasjonale nettverk.

No er det i gang igjen. Ikkje skuld på internett. Det er kristne menneske­ som spreier falske rykte og trur dei gjer andre kristne ei teneste. Men hjelper det verkeleg å be dersom ein spreier grove løgner om andre ­samstundes?

Då eg torsdag kveld fekk spørsmål om dette kunne vera sant, hadde eg på TV sett bilete av syklonen som gjorde at ein million indarar måtte evakuerast. Det er nok å be for, om vi held oss til det som skjer.

Faktasjekkaren Snopes slo i 2010 fast at «provinsen Olisabang» finst ikkje. Faktasjekkaren Boom kontakta i april i år evangelist Joyce Meyer som skal ha signert varselet. Hennar folk seier at meldinga ikkje kjem frå henne.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

2010-utgåva plasserte drapsviljen på «buddhistiske ekstremistar». Men det finst nesten ikkje buddhistar i India. I den versjonen eg har sett no, står det ingenting om kven «dei» – drapsmennene – er.

Det finst hindu-ekstremistar som angrip kyrkjer, og det hender også at kyrkjer blir tende på. Det har vore vekst i verbale og fysiske angrep på kristne – og på muslimar – sidan 2014.

Så kristne vener – ver gjerne i bøn, men basert på sanning og ikkje løgner.