Mitt dåpsvers

Vi stod oppstilte i gymsalen på Rødde folkehøgskole. Det var huslydfest. Foreldre satt i benkeradene og leita etter sonen eller dottera. No song vi. Nokre var flaue. Såg knapt på dirigenten. Andre var tryggare i rollen.
Men kva var det vi song? Vi song ein salme frå 1875. Opptakten var nærast eit forsett: «Med Jesus vil eg fara på livsens ferd i lag.» Firestemt lydde Blix sine ord for stolte foreldre. No kom vi til siste verset. Mor og far tenkte knapt på det. Men her sto son eller dotter og song om ein søndag i heimekyrkja!
«Du til di grein meg sette alt i min fyrste vår,
med livsens dogg meg vætte, gav sol og signa år.
Du vil òg vokster gjeva alt til min siste slutt:
lat meg i deg få leva, i deg få anda ut!»
Situasjonen kalla kanskje ikkje folkehøgskoleeleven til konsentrasjon om teksten. Men seinare har dette verset vorte mitt dåpsvers. Frelsaren sjølv gjorde meg til si grein. Han vætte meg med «livsens dogg» så eg fekk liv. Hans store ynskje var å få skine på greina og gje vokster. «Alt i min fyrste vår» var han der. Eg fekk leva i han og skal få anda ut i han.
For nokre vart året på Rødde ein nystart. Dei var rivne av, men blei poda inn att.
Gud, du er god!
Egil Sjaastad
førstelektor Fjellhaug Misjonshøgskole