Donald Trump ble den første amerikanske presidenten som deltok på «March for life». Foto: Patrick Semansky, AP Photo

Kven er Trump eit problem for?

Det er god grunn til å gleda seg over dei resultata som Donald Trump har oppnådd.

Den 8. november 2016 presenterte Dagen kva norske kyrkje- og kristenleiarar ville stemt, om dei kunne, ved presidentvalet i USA. 16 av dei var usikre, 25 ville stemt på Hillary Clinton, berre to, Bjarte Ystebø og Johannes Kleppa, ville stemt på Trump.

Kva har så Trump oppnådd dei åra han har site som president? Betre økonomi for folk flest, betre handelsavtalar for landet, 7 millionar fleire har fått jobb, arbeidsløysa den lågaste på 50 år - spesielt mellom afro-amerikanarar, latinoar og asiatar. 10 millionar færre går på sosialhjelp og størst lønnsauke er gjeve til dei lågast løn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det har blitt etablert 12.000 nye fabrikkar (under Obama gjekk 60 000 tapt…), gløym heller ikkje innsetting av pro-life-domarar i Høgsteretten. Dette må då vere gode resultat for Det amerikanske folket?

Og for dei av oss som støttar Israel:Trump har så langt vore den mest venlegsinna amerikanske prsidenten: han har flyttta USA sin ambassade til Jerusalem, han har godkjent Golan som israelsk område og bosettingane er ikkje lenger i strid med folkeretten. Ja, det er god grunn til å glede seg over dei resultata Trump har oppnådd.

I Dagen 19.2. gjer ikkje Knut Alfsvåg det. Han viser i staden til ei åtvaring han kom med I Fokus-spalten etter valet i 2016: «dette kan faktisk komme til å gå helt galt» - verkeleg? Etter Alfsvåg sitt syn misbrukar Trump makta si, han «betrakter seg seg selv som hevet over loven» og han set presidenten i klasse med diktatorar og tyrannar.

Eg veit ikkje, men eg mistenker Alfsvåg for å ha dei same informasjonskjeldene som NTB, NRK, TV 2 og dei store norske avisene; det vil seie CNN, New Tork Times, MSNBC osv. Då har han nok ikkje fått med seg det skitne spelet som demokratane, leiande tenestemenn i FBI, CIA, Justisdepartementet har drive på med, først for å hindre Trump i å bli president, deretter for å få han avsett.

For dei av oss som har hatt Fox-kanalen som informasjonskjelde, er det utruleg kor mykje grums, juks, løgn, misbruk av makt som har kome fram - alt for å avsette Trump. – jfr. Muellergranskinga og Ukrainasaka. Berre ein tøff, tjukkhuda, uredd og frittalande president kunne klart å stå i denne stormen.

Ja, det er sant, han har hatt sine kvinnehistoriar, men i 2016 skulle det ikkje veljast pastor eller forstandar til ei eller anna forsamling. Dei krava hadde nok ikkje Trump oppfylt. Sånn sett stiller han på linje med amerikanske presidentar før han.

Utan samanlikning for øvrig: Kong David, som ikkje berre dreiv hor, men også laga det så at mannen til kvinna vart drepen, - noko som Trump så langt ikkje har gjort seg skuldig i - var, trass dette, ein mann etter Gud sitt hjarte.

Les også
Problemet Trump
Les også
Ville stemt på Trump