Kristne tapte kamp om utleige berre til gifte

Det engelske kristne ekteparet Hazelmary og Peter Bull ville berre leige ut rom til heterofilt gifte. Høgsterett har avgjort at eit slikt krav er ulovleg.

Saka har rulla heilt sidan 2008. Eit ho­mo­filt par fekk ikkje leige rom i pen­sjo­na­tet som ek­te­pa­ret Bull driv i Corn­wall, sør­vest i Eng­land. Det ho­mo­fi­le paret hevda at dei der­med vart dis­kri­mi­ner­te.

I 2011 vart ek­te­pa­ret Bull dømde til å be­ta­le det ho­mo­fi­le paret ei er­stat­ning på drygt 35.000 kro­ner.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Svært skuf­fa»

Tid­le­ga­re i år anka ek­te­pa­ret Bull domen til høgste­rett, der dei bad om «ri­me­leg til­pas­sing» til å føl­gje over­ty­din­ga si, men fekk ikkje med­hald. Ha­zel­mary Bull for­tal­te at ho og ekte­man­nen var «svært skuf­fa og lei seg over ut­fal­let».

- Vi er berre van­le­ge krist­ne som trur det er vik­tig å halde fast ved ek­te­ska­pet som sam­ei­nin­ga av éin mann og éi kvin­ne, sa ho til presse­folk som hadde møtt opp utan­for retts­byg­nin­gen.

Ho på­pei­ka at pen­sjo­na­tet ikkje berre er verk­sem­da deira, men også hei­men deira.

- Alt vi har prøvd å gjere, er å leve i sam­svar med ver­di­ane våre, under vårt eige tak, sa ho.

Sam­ek­sis­tens

Dom­men av­vi­ser at ek­te­pa­ret Bull har vorte ut­set­te for re­li­giøs dis­kri­mi­ne­ring. Dei fem dom­ma­ra­ne mei­ner ein først kunne snak­ke om dette der­som si­tua­sjo­nen var snudd på ho­vu­det: Ved at det ho­mo­fi­le paret dreiv eit pen­sjo­nat og nekta å leige ut eit dob­belt­rom til ek­te­pa­ret Bull fordi dei er krist­ne eller he­te­ro­fi­le.

Hazel­mary Bull ser ikkje saka på same måte. Ho mei­ner re­li­gions­fri­do­men vert un­der­ord­na kra­vet om å vere po­li­tisk kor­rekt i Stor­bri­tan­nia.

- På eit eller anna vis må vi finne ut kor­leis for­skjel­li­ge over­ty­din­gar kan leve side ved side i sam­fun­net vårt, sa ho.

DAGEN

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Åtte av tolv biskoper vil vie homofile
Les også
Gir ikke opp kampen mot homoliturgienELN-konferanse
Les også
Klart for homobryllup i Illinois