Korona, dugnad og tru

I desse koronatider er det aktuelt å stille spørsmålet: Har vi nordmenn berre tenkt at epidemiar berre hører fortida til?

Så opplever vi at historia gjentar seg også slik. Den fortel at mellom 1347 og 1351 døde på verdsbasis rundt 75 millionar menneske av svartedauden.

På to år døde halvdelen av befolkninga i Noreg slik. I åra 1918–1920 smitta «spanskesyken» rundt ein tredel av verdast befolkning og mellom 50 og 100 millionar døde – i Noreg 15.000. Mangel på effektive legemidla og ettervirkningar frå Første verdskrig er nemnt som viktigaste årsak til dei høge dødstala under «spanskesyken». I alt gløymer vi ikkje at tuberkulosen på 60 år (1895–1955) berre i vårt land kosta om lag 250.000 norske liv.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I året 2020 opplever vi koronaviruset. I motsetning til tidlegare tider har dei fleste landa no eit godt utbygd helsevesen. Det praktiserast ein omfattande dugnad for å hindre smittespreiing og tap av liv. Samtidig må samfunnet fungere. Internasjonalt blir arbeidet koordinert og forsert for å få til ein vaksine. «Det er von i hangande snøre.» (Kjell Bondevik)

Koronaviruset opptar mange fordi det kan ramme hardt på kort tid og med store, negative ringverknadar for samfunnet. Kanskje dette kan minne og lære oss menneske å samarbeide betre både nasjonalt og internasjonalt? Vi er alle astronautar, segler på same jord rundt ei sol. Er vi berre oss sjølve nok, blir det forlis for alle. «Hjelp til sjølvhjelp» er prøvd og betre.

Arne Paasche Aasen minner oss også om å ta vare på «de nære ting». I tider med krig, uår, svolt, smitte og død har mange lært seg å synge denne salmestrofa, oversett av Bernt Støylen: «Folket frå gamalt har stridt seg fram, Kristus var med oss i verket.»

I «Nordnorsk julesalme» fortel visekunstnar Trygve Hoff om tru slik: «Du ser oss i mørketids-landet du signe med evige ord. Husan og fjellet og vannet og folket som leve her nord.»

Også i tider med koronavirus treng vi tru og signing – elles blir vi fattige. Vi må saman tru på og arbeide for normale tider. Då må vi forvalte rikdomane på vår jord på ein meir rettvis måte. «I kjærleik varm og mild me legg vår vilje til – då veks det fram.» (Arne Garborg)