Kjære KrF, kor mange liv vil de skal gå tapt under ein abort? Eitt eller to?

Det er nemlig dette som er verkelegheita i utviklingslanda i verda. Å tru at eit forbod stansar alle abortar er kunnskapslaust, meiner generalsekretæren for Kirkens Nødhjelp. Abortar skjer overalt i verda, anten om de i KrF har eit standpunkt for eller imot. Dette er min beskjed til dykk.

Først av alt vil eg avklare noko. Eg er ikkje ein del av ein heiagjeng for abort. Det eg derimot er tilhengjar av, er både kvinner og menn sine rettar til å bestemme over eigen kropp og eiga liv. Eg veit at kvinna som skal bere fram barnet ikkje har store moglegheiter vidare i livet. Ho mister kanskje moglegheita til utdanning. Ho blir kanskje gifta vekk før ho er myndig. Som generalsekretæren i Kirkens Nødhjelp vel eg å ta standpunktet som reddar flest liv.

«Å tro at et forbud bidrar til at aborter ikke skjer, er kunnskapsløst, og denne holdningen tar flere menneskeliv» – Anne-Marie Helland, generalsekretær i KN.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så lenge eg kan hugse har de vore negative til sjølvbestemt abort, ikkje berre i Noreg, men også i andre land. Så lenge eg kan hugse har de også framstilt de sjølve som eit bistandsparti. Eit parti med omtanke og solidaritet ovanfor alle menneske på jorda. Kvifor betyr ikkje dei unge kvinnene som kanskje ikkje ynskjer, men treng å abortere, like mykje?

Dagen.no skreiv 8. februar om at alle nordmenn måtte stoppe opp med si støtte til Kirkens Nødhjelp, som aktivt kjempar for kvinner sin rett til ein trygg og sikker abort i u-land. «Organisasjonen er kanskje kristen i navnet, men de har forlatt det kristne synet på menneskeverd for alt liv…», skriv Dagen. Betyr dette, KrF, at de har gløymd kvinnene dette gjelder?

Kvart 10. minutt døyr ei kvinne som resultat av ein feilaktig utført abort. Det vil seie 6 kvinner i timen. 144 kvinner kvar dag. 1008 kvinner kvar veke. Over 50.000 kvinner mister årleg livet sitt grunna farlege abortar. Måten de overser desse menneskeliva på samsvarer ikkje med mine tankar om KrF som eit bistands- og solidaritetsparti.

Å stå tiltakslaus og seie at saka er vanskeleg er ikkje godt nok. Om de skal vise den minste einighet med president Donald Trump sine nyinnførte planar om å kutte all støtte til organisasjonar som jobbar for retten til trygg abort, då har de tapt mykje. Solidariske verdiar, og kanskje til og med veljarar.

Eg ynskjer å rose generalsekretæren i Kirkens Nødhjelp, Anne-Marie Helland, for sin pågangsvilje, samt verdiskapande utsegn om korleis organisasjonen ikkje vil la seg stoppe av dei angivelige kristne verdiane som fortel at abort er strengt forbudt. Til Dagen seier ho: «Som en kristen organisasjon setter vi det kristne menneskesynet i sentrum, og gjennom vårt standpunkt både aksepterer vi verdens realiteter, og redder flest menneskeliv.»

Korleis de i KrF kan sitje på gulltrona her i Noreg, og avgrense rettane til fattige menneske i land på andre sida av verda, er for meg uforståelig. KrF har lenge kjempa for at bistandssektoren i statsbudsjettet ikkje skal reduserast, og det fortener de all honnør for. De er eit parti med stor påverknadskraft, og verda treng støtte frå dykk for å redde dei unge kvinnene. No er det på tide å slå eit slag for også dei de lenge har oversett. «Når KrF kjemper for homofiles rett til å være homofile i Uganda, så må de også kjempe for kvinners rett til abort i samme land.» – Anne-Marie Helland.

FN sitt bærekraftsmål nummer tre, handlar om å sikre god helse, og å la alle få tilgang til tenester knytta til reproduktiv helse.

Eg minnar om at de i 2008 skreiv under på stortingsvedtaket om viktigheten av «Helsetjenester knyttet til svangerskap og fødsel, tilgang til god prevensjon og lovlige og trygge aborter». No er det er på høg tid å gjere som de har lova.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Når over 90 prosent av afrikanske kvinner lever i land der helsestell og tilgang på trygg abort er nesten fråverande, då fungerer ikkje KrF sine planar lengre. Planane om rådgivning om korleis få sikker og trygg abort vil vere det same som å fortelje dei om noko dei fleste aldri vil oppnå.

Dette er ikkje ei sak der eit kompromiss er godt nok. Sikker tilgang til helsetenester innanfor reproduktiv helse, og ikkje minst informasjon om prevensjon, er sannsynligvis løysinga på problemet med dei 50.000 kvinnene som årleg døyr etter utført abort.

Kjære KrF, som bistandspartiet de veit at de kan vere, støtt og samarbeid med organisasjonar som Kirkens Nødhjelp for å ikkje la dette talet auke. Kor mange liv vil de ha på samvitet?