Jon Fosse er blitt katolikk

Jon Fosse er sist i ei rekkje kulturpersonar som har valt å konvertere til katolisismen.

- No er eg på ein måte komen heim. Eg opp­le­ver at den ka­tols­ke messa gjer meg godt, i mot­set­nad til den pro­tes­tan­tis­ke, som aldri har har gjort meg noko godt, seier for­fat­tar og dra­ma­ti­ka­ren til Syn og Segn. Han har vunne ei rek­kje pri­sar, blant dei Nor­disk råds lit­te­ra­tur­pris.

Gjekk til kve­ka­ra­ne

Etter å ha meld seg ut av stats­kyr­kja var han ein pe­rio­de med kve­ka­ra­ne i Ber­gen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- På 80-ta­let var eg innom den ka­tols­ke kyr­kja både i Ber­gen og Oslo. Eg fun­der­te på å melde meg på eit kon­ver­titt­kurs. I sta­den enda eg opp hjå kve­ka­ra­ne i Ber­gen. Dei har eg all­tid kjend meg nær, og dei kjen­ner eg meg fram­leis nær. Men i dag er det noko ukve­karsk over det å vera kve­kar, dei er vorte så sek­te­ris­ke. Skal ein fyrst fjer­na alt, slik at berre det tause møtet i sir­ke­len står att, er det let­ta­re for ein uso­si­al fyr som meg å vera ein av mange i Ste­fans­do­men enn ein av fire i ein kve­kar­ring, seier han.

Vart kon­fir­mert

Men ved jon­sok­ti­der i år blei Jon Fosse kon­fir­mert i St. Do­mi­ni­cus på Ma­jor­stua i Oslo. Tid­le­ga­re Høg­re-po­li­ti­kar Lars Roar Lang­slet var vitne i kon­fir­ma­sjo­nen.

I fe­bru­ar i år skreiv Dagen om fi­lo­sof Nina Karin Mon­sen som kon­ver­ter­te til ka­to­li­sis­men. Blant dei som har valt same veg er jour­na­list Ger­hard Hel­skog og pro­fes­so­ra­ne Hans Fred­rik Dahl og Janne Haa­land Mat­la­ry. DAGEN

Les også
Varm katolsk velkomst for Monsen
Les også
- Ikke overrasket over MonsenLES OGSÅ: