Hareide krev kyrkjeasyl-svar frå justisministaren

- Eg er opprørt, seier KrFs partileiar Knut Arild Hareide om at ei iransk kvinne vart henta ut av kyrkjeasyl i helga. No ber han om svar frå justisministar Anders Anundsen (Frp).

- KrF kjem til å stil­le spørs­mål umid­del­bart til jus­tis­mi­nis­ta­ren for å be han gjere greie for kva som har skjedd i Kris­tian­sand, seier Ha­rei­de til Dagen.

Po­li­ti­et gjekk laur­dag inn i Fi­ladel­fia Kris­tian­sands lo­ka­ler og henta ut en 56 år gamal iransk kvin­ne som har vore snart to år i kyr­kje­asyl.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også: Justisministeren påpeker at kirkeasylanter ikke er trygge i menighetsbygg

Fryk­ta inn­stram­ming

Ha­rei­de un­der­stre­kar at han berre kjen­ner saka frå media. Men det han har høyrt, opp­rø­rer parti­leia­ren.

- Dette stri­der heilt med den kyr­kje­asyl­ord­ning vi har hatt i Noreg. Vi har hatt re­spekt for at dette er eit hei­lagt rom der po­li­ti­et ikkje går inn og opp­trer som om det skul­le vore eit kva som helst hus. Eg fryk­ta at re­gje­rin­ga skul­le stram­me inn på kyr­kje­asyl­ord­nin­ga då eg såg re­gje­rings­er­klæ­rin­ga.

I re­gje­rings­platt­for­ma til Høgre og Frp hei­ter det at «Det vil være re­gje­rin­gens syn at kirke­rom­met ikke skal bru­kes til kirke­asyl». Jus­tis­mi­nis­tar An­ders Anund­sen for­sva­rer po­li­ti­ets handle­måte i Kris­tian­sand.

- Ikkje-vigs­la me­nig­hets­bygg kan ikkje bru­kast til kyr­kje­asyl, seier Anund­sen til Vårt Land.

Han vars­lar at flei­re kyr­kje­asy­lan­tar som sit i ikkje-vigs­la me­nig­hets­hus kan bli på­grip­ne og sendt ut av lan­det.

Ha­rei­de un­der­stre­kar at kyr­kje­asyl ikkje er ei god ord­ning ver­ken for kyr­kje­asy­lan­ter, kyr­kje­lyd eller sam­funn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Jo færre kyr­kje­asyl­sa­ker ein har, dess betre er det.

- Vel­dig al­vor­leg

Han ret­tar ei åt­va­ring mot re­gje­rin­ga.

- Prin­sip­pet er vik­tig, og det har vore ein del av vår inn­vand­rings- og in­ter­g­re­rings­po­li­tikk. At den blå­blå-re­gje­rin­ga end­rar det med eit penne­strøk er vel­dig al­vor­leg.

- Ikkje vigs­la

Po­liti­ad­vo­kat Mor­ten Urdal John­sen ved Po­li­ti­ets ut­len­dings­en­het i Oslo seier til NTB at kvin­na vart på­gri­pen inne i et fritt­lig­gjan­de bygg som kyr­kje­ly­den dis­po­ne­rer.

- Det blei vur­dert slik at det ikkje var eit vigs­la bygg, og at ein difor også hadde høve å gå inn, seier han.

Byg­get er eit av tre som kyr­kje­ly­den dis­po­ne­rer i Mar­vi­ka i på­ven­te av nytt kyr­kje­lyds­sen­ter i sen­trum av Kris­tian­sand.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Po­li­ti­et viser til at det ikkje var eit vigs­la hus, Ha­rei­de?

- Eg opp­le­ver at dette blir sett på som ei kyr­kje­asyl­sak, og eg for­held meg til det. Eg kjen­ner ikkje meir til hu­sets his­to­rie, seier Ha­rei­de.

DAGEN

Kyrkjeasyl

Kyrkjeasyl er kyrkja som fristad for forfølgde.

I desember i fjor satt minst 15 personer i kirkeasyl. Av dei var ni vaksne og seks born, ifølgje ei oppteljing Dagen gjorde.

Kyrkjeasyl fekk fornya aktualitet i 1990-åra då flyktningar som hadde fått avslag på asylsøknad søkte tilflukt i norske kyrkjer.

Det er ikkje nokon formell avtale om kyrkjeasyl, men politiet har respektert kyrkjeasylet ved at dei ikkje har gått inn i kyrkjer og pågripe kyrkjeasylantar.

Kjelder: Dagen, snl.no

Les også
Kirkeasylanter ikke trygge i menighetsbygg