Frå visvas til mareritt

Om lag 3000 teikn om nokre av bøkene du har meldt i avisa i år, som gjorde ekstra inntrykk. Det var bestillinga frå redaksjonen. Det er både lett og vanskeleg å etterkoma. Lett avdi det har vorte mange bøker også i år, og dermed mange inntrykk og mange slags inntrykk, men vanskeleg, avdi det ikkje er heilt enkelt å sortera og kategorisera. Inntrykk kan jo vera så mangt, på godt og vondt.

Her kan du lese flere anmeldelser fra bokåret 2015

Eg har for eigen del laga meg fire kategoriar. Eg startar med D. Hvis Dagen hadde nytta terning, vil kategori D fått 1-2. Dette er bøker som på gode dagar kan vera ok som tidtrøyte, men ikkje særleg meir. Tre døme:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

-Finn Bjelke: Norske problemer

-Erling Jensen: Ska sei

-Randall Munroe: Hva hvis?

Kategori C ville fått enten 3 eller 4 på terningen. Fleirtalet av dei bøkene eg har lest og meldt i år, kjem i denne gruppa. Dette er gjennomgåande gode bøker, velskrivne, dei gjev kunnskap og er interessante å lesa, i all deira ulikskap. Nokre døme:

-Morten Strand: Ukraina

-Harald Olsen: Salmer fra Sørlandet

-Berit S. Thorbjørnsrud: De kristne i Midtøsten

-Nik Ripken & Barry Stricker: Lydighetens galskap

Artikkelen fortsetter under annonsen.

-Nabeel Qureshi: Søkte Allah fant Jesus

-Per Ove Aarseth: Når Gud vil

-Eitan Shiskoff: Hva med oss?

-Marit Elisebet Totland: Garborg og Skou

At barnet forsvinn

Eg nemner særskilt to bøker som begge handlar om foreldre som opplever alle foreldre sin skrekk; nemleg at barnet deira forsvinn. Jane Shemilth: «Datteren» og Sigge Eklund: «Inn i labyrinten» var begge to bøker som var smertefulle å lesa, men spennande, og felles for dei var at kriminalitet var inne i biletet.

Eg har fire bøker i kategori B; desse:

-Benny Morris: 1948

-Anne Marie Bredvei Orvik: Kinamisjonær

Artikkelen fortsetter under annonsen.

-Holter med fleire: Nytt norsk salmeleksikon- III

-Katja Petrowskaja: Esther, kanskje

Desse fire er særdeles ulike, i storleik, innhald og tema, men alle imponerte meg. Boka om den første arabisk-israelske krigen (1948) er ein tungvektar i alle meiningar av ordet. Eg er glad for at eg tok meg tid å lesa den i år.

Bredvei Orvik si vesle bok om mor hennar, kinamisjonæren Alice Dischler, er ei lita poetisk perle. Flott at ein kan formidla misjon på ein slik måte. Salmeleksikonet i tre band er eit storverk; ei gullgruve for alle som er glade i salmer. Boka om Esther, ho som aldri nådde fram til Babij Jar, slepp ikkje fort taket i ein.

Det blir 5 på terningen for desse fire.

Vurderte å gje opp

Då står det ei bok att i klasse A – med seks på terningen. Denne kjem i klasse for seg. Ingen over, ingen ved sida. Overskrifta på meldinga var: «Et mareritt av en bok» (Dagen 28.05.15). Boktittel: De utvalgte. Forfattar: Steve Sem-Sandberg.

Eg var i tvil om eg skulle gje opp lesinga, i dei verste partia, da borna vart plaga, hundsa, straffa og torturerte, svelta i hel, medisinerte til døde, og så vidare. «Heilt til det innerste smertepunktet», skreiv ei svensk avis om boka. Eg har lest mykje om Nazi-Tyskland sine herjingar, ikkje minst frå dødsleirane. Det handlar i stor grad om vaksne sine overgrep mot andre vaksne, jødar og mange andre, i milliontal. Det er sjølvsagt meir enn ille. Men det er ein ekstra pinefull dimensjon ved at funksjonshemma born og ungdomar vert utsette for noko slikt, av eit smilande personale, på eit sjukehus i Wien, som del av nazistane sitt euthanasi-program.

Gysningar

Eg kjenner gysningar i kropp og sjel når eg no eit halvt år seinare, tek fram boka frå bokhylla. Eg innser at tittelen i avisa var sterk: Eit mareritt av ei bok. Men eg står ved det eg skreiv.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I mai skreiv eg at eg sleit med å tilrå boka, for då veit eg at lesaren får nokre timar med pinefull liding. Eg står ved det også.

Hadde det eksistert seksar med stjerne på terningen, ville denne boka fått det!