NY DRIFT: Fleire tiår etter at foreldra til Ingebrigt Sørfonn forlet garden på Fodno, har sonen begynt å drive med villsau der på fritida.

Frå nøysemd til overflod

Nordmenns forbruk er firedoblet i løpet av Ingebrigt Sørfonns levetid. Vi ble med den tidligere finanspolitikeren på en tidsreise.

Vinden luggar såpass friskt at sjøen utanfor Fitjar vert som eit rufsete, gråleg teppe. Novembersola speglar seg matt i den ruglete overflata. Ein skjergardsjeep susar mot øya Fodno, som er utan fastlandssamband og har fire faste innbyggjarar. Ved roret sit Ingebrigt Sørfonn (65). I dette farvatnet har han vore lommekjend sidan han var barn. Men den gongen var farkosten først færing og seinare ein saktegåande båt med tøffande dieselmotor.

– Eg likar godt å vise fram staden eg kjem frå, seier mannen som har hatt tunge verv innanfor både politikk og kristenliv. I tolv år var han stortingsrepresentant for KrF, med ansvar for finans- og næringspolitikk, og i åtte år formann i Indremisjonsforbundet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Levde nøysamt

Livshistoria hans fell saman med ein eineståande økonomisk opptur i Noreg etter krigen.

– Her levde folk av småbruk, småfiske og sesongarbeid, seier Sørfonn idet vi nærmar oss brygga som familien hans framleis eig. Ingen svalt, men alle levde nøysamt.

Då Sørfonn var skulegut, brukte ei norsk hushaldning i gjennomsnitt fire av ti kroner på mat. No brukar vi berre drygt ei av ti kroner på å fylle kjøkenskuffer, fryseboksar og kjøleskap. Og ein tredel av denne maten går i boss, ifølgje rapporten «Dette er Norge 2015» frå Statistisk sentralbyrå som kom tidlegare i haust.

I Ingebrigt Sørfonns barndom var det rundt 50 innbyggjarar på Fodno, fordelt på sju gardar. I dag bur her ein einsleg gardbrukar, samt ein småbarnsfamilie på tre som flytta hit tidlegare i år.

Stilte opp

Vegen opp frå sjøen er bratt og smal, med dekke av stein og fuktig jord. Traktor er det einaste aktuelle køyretøyet, og familien Sørfonn har ein ståande parat. Sonen har nemleg teke over barndomsheimen til Ingebrigt og er i gong med å setje huset i stand. Han har villsauer som går ute heile året. Nokre av dei heng seg på oss medan vi trakkar oppover mot huset.

– Det var eit lite lokalsamfunn der vi ikkje hadde stor materiell velstand, men folk stilte opp for kvarandre, seier Sørfonn.

Særleg godt hugsar han den næraste naboen.

– Same kva han heldt på med, slapp han alt han hadde i hendene dersom nokon hadde behov for hjelp, minnest Sørfonn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

STORSLÅTT: Utsikta frå toppen av Ramsberget når langt i alle himmelretningar.

Begge foreldra hans kom frå Fodno. Familierøtene på denne øya kan førast tilbake heilt til 1600-talet. For nokre år sidan fekk dei kjøpe tilbake ei enkel hytte som faren hadde selt til ein bergensar.

– Både borna og borneborna våre er veldig glade i å vere her, seier Sørfonn.

Luksus med LP

Utanfor barndomsheimen hans stoppar vi og ser på garden. Terrenget hallar og er kupert, og jordlappane er små.

– Eg hugsar veldig godt den første gongen vi fekk ein lenestol. Det var heilt fantastisk. Eg hadde aldri tidlegare prøvd ein slik, seier Sørfonn.

Frå oppveksten minnast han at somme fekk seg FM-radio eller platespelar, nokre til med med plateskiftar der ein kunne ha fleire LP-ar inni samstundes.

– Det var luksus, seier han.

I ettertid har han fundert på avstanden mellom det ønskjelege og det oppnåelege.

– Eg trur denne stadig aukar, seier Sørfonn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Medan sambygdingane på Fodno drøymde om innretningar som kunne gjere kvardagen litt lettare, registrerer han at mange i dag har heva lista. Dei ønskjer seg ting som var utanfor førestillingsevna til bønder på ei lita vestlandsøy på 1950- og 1960-talet.

Lærte arbeid

Ein av verdiane han verkeleg har sett pris på seinare i livet, er den sosiale innstillinga i barndomsmiljøet. Terskelen var låg for å gå på besøk.

– Folk levde mykje tettare på kvarandre enn vi gjer i dag, seier Sørfonn.

Nordmenn har kortare arbeidstid og brukar tre kvarter mindre på husarbeid enn i 1970.

– Vi har fått det meir travelt og er nok litt redde for at det ikkje passar dersom vi stikk innom på besøk, seier Sørfonn.

FOTOKUNST: Forelsket i små mennesker

Slit og strev kunne det bli nok av heime på garden. Som einaste barn i huset vart han tidleg van med å ta i eit tak både i onner, vedhogst og potetsanking.

– Det var ikkje alltid kjekt, men det var ein stor verdi at vi lærte oss å arbeide, seier Sørfonn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Med glede hugsar han pausane med felles måltid. Då dei vaksne gjekk for å ta seg ein lur etter middag i 12-13-tida, sprang borna i nabolaget ned til sjøen for å bade.

– Vi utvikla oss også mykje med fri leik, seier Sørfonn, som minnest bygdesamfunnet som trygt og oversiktleg.

– Det betyr ikkje at det var fritt for konfliktar, men folk hadde ei sterk kjensle av å høyre saman,

Born av tida

Lenger oppe i bakkane kjem vi til den vesle skulestova. Her var dei rundt ti elevar i Sørfonns tid som elev.

– Alle elevar frå første til sjuande klasse sat i same rom, smiler han.

Elles var det to storhendingar i skulestova i løpet av eit år: basaren og juletrefesten. Kristne møte med besøk av emissærar, som det var regelmessig, vart haldne i heimane. Dei fleste innbyggjarane slutta opp om slike samlingar, sjølv om det kunne variere kor tydeleg dei vedkjende seg ei personleg kristentru.

– Gudsfrykta og dei kristne verdiane var eit veldig tydeleg felles fundament, seier Sørfonn.

Nøysemda trur han først og fremst var ei nødvendig dygd, for folk hadde ikkje stort meir enn dei trengde til det daglege opphaldet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Men mange kjende eit sterkt medvit for å gi til Guds rike, seier han, og minnest mellom anna innsatsen som vart gjort gjennom kvinneforeininga.

– Dei eldre kvinnene gjekk stort sett i svarte kjolar. Misjonsblad låg framme i mange heimar. Dei kjende nok eit langt større personleg ansvar for misjonsarbeid enn vi gjer i dag, seier Sørfonn.

– Er det skjedd ei haldningsendring blant kristne?

– Vi er nok alle born av vår tid. Kristne miljø er ikkje upåverka av velstandsutviklinga, seier han.

Sprang i blinde

Turen held fram oppover bakkane, over eit gjerde og til toppen av Fodno, som heiter Ramsberget, stadig med sauer på slep. Det ligg 149 meter over havet. Vinden ruskar godt i håret. Her har vi 360 graders utsikt, mot Austevoll og Os i nord, Fitjar i aust og Bømlo i sør. Mot vest ser vi rett ut i Nordsjøen der Skottland skjuler seg ein stad bak horisonten.

– Å leve nær naturen har sett preg på meg, seier Sørfonn.

Han kjenner kvar stein og stokk. Gatelys fanst ikkje. Som barn kunne han springe heim frå ein kamerat i stummande mørker, sidan han kunne vegen i blinde. Framleis sprett 65-åringen fort frå stein til stein når vi tek oss ned frå Ramsberget og tilbake til brygga for å ta båten tilbake til Fitjar.

Kultursjokk

Som 14-åring tok Sørfonn den same turen med eit lite flyttelass, og heldt fram til Leirvik på Stord for å gå på realskule.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det var mitt største kultursjokk i livet, seier Sørfonn.

Overgangen frå ein skule med ti elevar til ein med oppunder 500, var enorm. Sidan kom han aldri til å flytte tilbake til Fodno. Tvert om var det foreldra som fekk bygd seg hus på Fitjar og flytta over dit då dei var midt i 60-åra. Dei syntest det var betre å verte gamle ein stad der alt var meir lettvint, særleg når ein nærma seg alderdomen.

Rullatorfaktor

No har Ingebrigt Sørfonn og kona Sylvi sjølve innstilt seg på at dei nærmar seg pensjonsalder. Dei har selt huset som var i fleire etasjar og låg i bratt terreng, og bygd seg eit nytt hus der alt ligg på eitt plan. Gjennom dei høge vindauga i stova kan vi også sjå over til Fodno.

– Her kan det bli høg rullatorfaktor, ler Sørfonn, som serverer lunsj og kaffi.

Generelt høgare levestandard og sosial tryggleik, ikkje minst for sjuke og eldre, er ein av dei største vinningane han ser i dagens samfunn samanlikna med samfunnet der han vaks opp. Langt større mogelegheiter til å ta utdanning og utvikle talenta sine er ei anna positiv side.

– Mange hadde evner som dei aldri fekk brukt, seier han.

Sjølv om folk hadde det dei trengde, minnest han også ei uro for tronge tider. Det hadde mange opplevd tidlegare.

– Ein var mellom anna livredd for å ta opp lån, seier han.

Ein nabo reiste til dømes eit halvt år på godt betalt fiske utanfor Afrika i staden for å skaffe seg gjeld då han skulle byggje på huset.

Folkepedagogikk

Noko av den varsame livshaldninga trur Sørfonn det ville vere bra å ta med seg frå samfunnet den gongen. Han viser til tal frå SSB som viser at nordmenn låner stadig meir. Han sit i representantskapet for Noregs Bank og synest det er grunn til å åtvare mot at gjelda i hushalda skal vekse altfor mykje.

– Det er viktig å setje tæring etter næring, seier han.

Som finanspolitikar syntest han det var ei bortimot umogeleg folkepedagogisk oppgåve å forklare kvifor Stortinget ikkje berre kan løyve meir pengar for å løyse alle utfordringar.

– For eit velferdssamfunn er det avgjerande at vi tek vare på kvarandre. Det offentlege kan ikkje løyse alt. Vi treng medmenneskeleg omsorg og nærleik, seier han.

Les også
Pusher konfirmanter til bedre selvbildeHein Kvalheim
Les også
Jakter sammenhenger mellom pressen og BibelenØyvind Gustavsen
Les også
Den endelige dommen
Les også
Kevin Max vil ikke være i kristen-boksKevin Max
Les også
Spre mye velsignelse