Fleire palestinske brot på menneskerettar

Brot på menneskerettae grip om seg på Vestbreidda og i Gaza. Det viser ein fersk rapport frå ein uavhengig palestinsk menneskerettsorganisasjon.

Drap, mord og over­grep ut­ført av Dei pa­le­stins­ke sty­res­mak­te­ne på Vest­breid­da og av Hamas i Gaza held fram i følge ein rap­port frå Den pa­le­stins­ke uav­hen­gi­ge kom­mi­sjo­nen for men­neske­ret­ta (ICHR).

Rap­por­ten som dek­kjer ja­nu­ar månad 2014 viser anar­ki og lov­løy­se i dei pa­le­stinsk-kon­trol­ler­te om­rå­da, mel­der det is­ra­els­ke ny­hets­by­rå­et Taz­pit News Agency.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

10 døds­fall

ICHR er ein of­fi­si­ell pa­le­stinsk or­ga­ni­sa­sjon som frem­jer men­neske­ret­tar i tråd med Den pa­le­stins­ke grunn­lova og dei in­ter­na­sjo­na­le men­neske­ret­ta­ne.

Berre i ja­nu­ar i år har dei re­gist­rert 10 til­fel­le der per­son­ar som har døydd på una­tur­leg vis, sju av dei skjed­de på Gaza­stri­pa og tre på Vest­breid­da.

Døds­fal­la skul­dast mis­bruk av skyte­vå­pen, brot på trygg­leiks­reg­lar, kran­gel mel­lom kla­nar, drap, hevn og uhell i smug­lar­tun­ne­la­ne til Egypt.

Flei­re mer­ke­le­ge døds­fall skjed­de på mys­tisk vis. 24. ja­nu­ar vart Mu­ham­ma Juma Abu Asi (23) frå Khan Juis-om­rå­det på Gaza­stri­pa sko­ten i ei skul­der.

I følge ICHR prøv­de Abu Asi å stan­sa po­li­ti­et som kom heim til han for å ar­res­te­ra bro­ren hans, då ein po­liti­mann skaut han i armen. Han vart køyrd til Det euro­pe­is­ke sjuke­hu­set i Khan Junis, men vart der­etter fun­nen død i ei po­li­ti­cel­le.

Mykje tor­tur

Det vert også meldt om mykje bruk av tor­tur og hard­hendt hand­sa­ming under ar­resta­sjon. Dette har sær­leg auka ved ho­vud­kon­to­ra til Sik­ker­hets­te­nes­ta på Vest­breid­da.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

ICHR fekk 56 kla­ger på tor­tur og val­de­leg fram­ferd, 36 av dei på Gaza­stri­pa og 19 på Vest­breid­da. Det er også kome kla­ger på ret­ten til bruk av ad­vo­kat og sik­ring av rett­fer­dig ret­tar­gang. ICHR har i til­legg fått kla­ger at Den pa­le­stins­ke sik­ker­hets­te­nes­ta eks­pro­pri­e­rer pri­vat ei­ge­dom på Vest­breid­da utan lov­leg retts­leg be­hand­ling.

Mange kla­gar også på brot på yt­rings­fri­dom, presse­fri­dom, aka­de­misk fri­dom og ret­ten til å sam­last på fre­de­leg vis. 28. ja­nu­ar bruk­te po­liti­menn frå Dei pa­le­stins­ke sty­res­mak­te­ne skarp am­mu­ni­sjon for å spreia stein­kas­ta­rar i sen­trum av Ramal­lah.

Rap­por­ten hev­dar at det var ingen grunn til bruk av am­mu­ni­sjon under epi­so­den. Fire de­mon­stran­tar vart skada då po­liti­menn gjekk til åtak på dei med slag­vå­pen. ICHR har også fått mange mel­din­gar om an­grep på per­son­ar og over­grep mot of­fent­le­ge og pri­va­te ei­ge­do­mar.

Retts­prin­sip­pa over­køyrd

Delar av trygg­leiks­te­nes­ta og nokre si­vi­le sty­res­mak­ter føl­gjer ikkje retts­le­ge pro­se­dy­rar ved ar­resta­sjo­nar. ICHR fekk åtte kla­ger an­gå­an­de dette i ja­nu­ar. I til­legg er ein fange hal­den fengs­la sjølv om han har full­ført straf­fa si.

- Rap­por­ten viser at kor­kje Dei pa­le­stins­ke sty­res­mak­te­ne eller Hamas re­spek­te­rer men­neske­ret­ta­ne og yt­rings­fri­do­men i dei om­rå­da dei rår over, skriv Taz­pit-by­rå­et.

Dagen

Les også
Fortsatt tro på ny norsk Israels-politikkRegjeringen og Israel
Les også
Skylder værproblemer på Israel
Les også
Norge sponser «streikende» palestinere
Les også
Jensen skal revurdere «Karmel-loven»Skattefradrag for gaver