Einskap på apostolisk grunn

Vi må opne dette rommet for å tenke lange og viktige tankar saman for den lutherske kyrkja i Norge.

Har vi noko til felles om vi kjem frå karismatisk eller liturgisk spiritualitet, frå folkekyrkja eller frikyrkjene si daglege teneste, frå misjons- og organisasjonsbakgrunn? Eg er overbevist om at vi treng kvarandre.

I FOKUS:En apologetisk vekkerklokke

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Aldri i mi teneste har eg fått så mange henvendingar om kyrkjeleg nød som det siste halve året. Mange ropar på leiarskap og initiativ som samlar og ikkje berre spreier. Dei smertelege åndelege brytningane må ikkje berre hamne i fragmenterte løysingar som driv frå kvarandre oss som bør haldast saman.

I tillegg til å vitne mot einskapen, vil slik fragmentering også marginalisere oss i oppdraget med å nå vidare med evangeliet. Korleis kan vi som lutherske kristne på apostolisk grunn makte å slutte rekkene i ein guddommeleg einskap som fører til at menneska rundt oss kan tru at Jesus er sendt av Gud?

Korleis kan vi som leiarar leie klokt, slik at vi set mot i folka våre rundt om og gir dei ei oppleving av å høyre til i noko stort? Vi er mange når vi vågar å nærme oss kvarandre frå ulike kyrkjelege preferansar og spiritualitetar. Og vi står saman med ei stor og livskraftig verdsvid kyrkje med ein heilt annan kjærleik til sanninga enn den vi lettast ser i vår nære kyrkjelege kontekst.

Den norske kyrkjakjem til å innføre nye liturgiar til bruk ved ektevigsel av likekjønna par, og kyrkja sitt fremste åndelege leiarskap er samla om at dette ikkje er av splittande karakter. Det siste er ei relativt ny innsikt for dei av biskopane som har ei klassisk lære om ekteskapet. Jamvel den motsette sida sa så seint som 1997 at innføring av likekjønna ekteskap ville vere «kyrkjesplittande vranglære».

I alle desse åra har vi alle på mange gongar og på mange måtar tilpassa oss. Skal vi vere ærlege, gjeld det også i frikyrkjene og i organisasjonane. Det er vanskeleg å forsvare meir tilpassing. Vi må gi nytt frimod til ei teneste med evangeliet som legg ein heil Bibelen til grunn for forkynning, formaning, undervisning og sjelesorg.

Har vi noko til felles om vi kjem frå karismatisk eller liturgisk spiritualitet, frå folkekyrkja eller frikyrkjene si daglege teneste, frå misjons- og organisasjonsbakgrunn? Eg er overbevist om at vi treng kvarandre, både fordi vi har det meste felles, og fordi vi har noko kvar for oss som utvidar kvarandre sin horisont.

LES:Kirkerådet sier ja til vigselsliturgi for likekjønnede

I lys av Jesu bøn om einskap, har vi ei plikt på oss til å søke kvarandre sin einskap, slik vi er gjort til eitt med Kristus i dåpen, slik vi er eitt med Kristus i trua og slik vi samlast til eitt med Kristus i nattverden. Dette kallet strekker seg utover vår konfesjon. Vi treng å høyre kallet til å søke kvarandre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Til grunn for dei refleksjonane eg gir vidare, ligg den overtydinga som Evangelisk luthersk nettverk (ELN) og andre grupperingar har uttrykt; at den nye læra om ekteskapet faktisk splittar kyrkja, og at innføring av liturgiar institusjonaliserer denne kyrkjesplittande vranglæra. Vi kan legge litt ulikt i omgrepet splitting, og vi kan dra ulike konsekvensar av det.

Vi må hjelpe kvarandre til å manøvrere med Bibelens ord som kompass i dette landskapet. Judas minner om dei som splittar Guds kyrkje ved å misbruke Guds nåde til eit umoralsk liv og derfor fornektar Jesus som Herre (Jud 3ff). Synda splittar, fordi ho avset Jesus som Herre og slik set oss utanfor Guds rike.

Den lutherske vedkjenninga understrekar at kyrkja er forsamlinga av dei heilage der evangeliet blir undervist rett og sakramenta forvalta rett. Til sann einskap i denne kyrkja er det nok, men også nødvendig!, å stå saman om evangeliets lære og forvaltinga av sakramenta.

Biskopane har tilkjent prestar rett til å bryte nattverdfellesskapet med vranglærande biskopar. Slik avdekker den brotne einskapen seg ved altarbordet. Bedehus og frikyrkjer har lagt mest vekt på å sikre forkynninga ved å stå fritt med omsyn til kven ein har brukt til dette.

Dei seinare åra har splittingsteikn blitt synlege lokalt. Stabar i Den norske kyrkja slit med spenningar om kva dei skal forkynne, formidle til konfirmantar og om kva dei skal gjere når likekjønna par vil ha forbøn, velsigning eller vigsling. Spenningane fører til lammingar. Andre stader blir vanlege truande menneske framandgjort for den lokale kyrkja si, fordi forkynning og rettleiing offentleg og klart bryt med Guds ord.

Kyrkja slit med rekruttering til pastoral teneste. Samtaler med studentar avslører at mange vegrar seg for den spenninga som kyrkja tilbyr dei å gå inn i tenestemessig. Ingenting av dette kan bispemøte eller kyrkjemøte vedta seg vekk frå. Teologiske studentar får melding i sine eigne bispedømme om at tilsettingspolitikken framover vil vere å spreie dei ulike teologiske haldningane slik at flest mulig kyrkjelydar skal spegle breidda. Det triggar ikkje akkurat lysta til teneste.

Nøden er rett og slett stor, og mange synes å ane at dei står ved ein skiljeveg. Vi som ikkje har dagleg teneste i dei lokale realitetane i Den norske kyrkja, skal vegre oss for å uttale oss lettvint om enkle grep. Dette handlar om det personlege kallet, om familie og inntekt om flytting og oppbrot dersom nokon kjenner at dei må bryte av tenesta si. Vi må dessutan gi kvarandre rom til å konkludere ulikt med tanke på å bli eller ikkje bli.

Dei seinare åra har eg hatt mykje kontakt med prestar rundt om i Den norske kyrkja, i ulike distrikt. Dette har dels vore oppmuntrande, fordi det er mange der ute som slett ikkje har lagt vekk frimodet sitt for evangeliet, og det er mange som nektar å tilpasse teologi og teneste til den framveksande nye læra.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dessverre ser eg også motsette trendar med ulike tilpassingsstrategiar. Nokon tilpassar seg teologisk ved å endre eigne haldningar til Bibelens lære om seksualitetens vesen og rammer. Andre tilpassar seg situasjonen utan å endre eige «syn» men ved å akseptere at ulike «syn» er velgrunna og ved å bagatellisere vekta av spørsmåla.

Dei uroar seg over at nokon av oss held liv i konflikten. Andre igjen held heilt og fullt fast ved den klassiske læra om ekteskap og samliv, men orkar ikkje kampen. Dei held seg tause og i ro, men med stor smerte, mens dei ventar på at nokon står fram med tydeleg åndeleg leiarskap for å gi frimod i tenesta.

Om ein eller fleire biskopar hadde stått fast i motstanden mot innføringa av vigselsliturgiar og tatt splittingskonsekvensane av den nye læra, hadde dei fått ei slik samlande leiarrolle som mange spør etter, langt utover eigne stift.

Korleis kan vi møte denne utfordringa? Vi treng å etablere og bygge nye forsamlingar. Ut frå sterk misjonsmotivasjon ser vi dette som ein trend som både frikyrkjene og organisasjonane prøver å vere aktive i, men eg trur det trengs langt meir. Vi treng å danne nye mønster for dette, også mønster som siktar mot å halde saman truande av ulik bakgrunn i eit lokalt, felles kyrkjeleg fellesskap som gjerne går på tvers av kyrkjer og organisasjonar.

Inn mot Den norske kyrkja treng vi i alle fall tre grep. Kyrkja må ha mot til å la lokale kyrkjelydar få skape meir eintydige profilar, enten av karismatisk eller liturgisk, klassisk eller liberal, misjonal eller kontemplativ art, slik Church of England legg til rette for, saman med full fridom til å løyse soknebanda.

Vi må også stimulere ein kultur for å danne langt fleire valgmenigheter etter dansk mønster, der fridommen som Grundtvig sikra, har vore ei velsigning i vår tid. Ein slik modell vil krevje lokal finansiering på personalsida, men Den norske kyrkja bør vere med å finansiere slike einingar dersom biskopane meiner alvor med å gi apostolisk tru og praksis reelt livsrom. Det tredje punktet er overføring av kallsretten i tilsettingssaker til dei lokale kyrkjelydane.

Etter kyrkjevalkampen har innspela vore mange både til oss som stod sentralt i valkampen for Levende folkekirke. Vi har blitt utfordra til å jobbe for ein full struktur frå lokal kyrkjelyd til tilsyn innanfor Den norske kyrkja sin kyrkjerett. Det er grunn til å støtte dette.

Samtidig har vi erfart at Den norske kyrkja er svært rigid i ordningsspørsmål, og heile spørsmålet om alternativt tilsyn har vore ettertrykkeleg avvist. Lite tyder på at biskopane har mykje meir å gå på etter det siste kompromisset, der dei avviser dei lokale kyrkjelydane sin råderett over eigne kyrkjerom. Derfor må vi også sjå på alternativ. Eit alternativ er derfor å etablere ein fri luthersk synode med eit sjølvstendig tilsyn der personar og lokale einingar høyrer til i folkekyrkja men dannar sin eigen kyrkjelege struktur.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ein tredje veg er den ELN så langt har lagt til grunn. Mange grunnar talar for at ulike prosessar vil ta ulik tid. Ikkje minst vil dette gjelde for alt som knyter seg til Den norske kyrkja sin struktur, om ikkje alle forslag berre blir bryskt og raskt avvist. Mellom grupper som teologisk vurderer situasjonen likt, er det ut frå ulik kyrkjeleg koloritt likevel også ulike kyrkjelege preferansar. Finns det måtar å halde saman mange slike ulike val på?

Vi har valt nettverkets veg med rom for ulike strategiske val. Vår agenda er ikkje kyrkjedannande, men vi trur at tida framover krev av oss at vi søker kyrkje- og organisasjonsoverskridande samling. Vi vil «være et sted for å drøfte de langsiktige linjene i den kirkelige utviklingen. Et viktig spørsmål er ulike handlingsalternativer dersom det skjer et større oppbrudd fra Den norske kirke.

Nettverket vil arbeide med å forebygge ytterligere fragmentering blant lutherske kristne i Norge. Konkret innebærer dette at partene skal drøfte hvordan vi kan holde sammen i en slik situasjon ved både å beholde de selvstendige parters særpreg og samtidig være en felles plattform for samling.»

Vi trur denne tida er no. Vi må opne dette rommet for å tenke lange og viktige tankar saman for den lutherske kyrkja i Norge. Som lutherske kristne av klassisk bibelsk overtyding treng vi eit nettverk av lokale kyrkjer og ulike nasjonale initiativ, organisasjonar og frikyrkjer, nettverk og rørsler som alle har til felles at vi vil bygge Guds kyrkje.

Vi treng ein felles arena for bøn og teologi, for pastoral støtte og oppfølging, for felles læring og internasjonal kontakt, for felles refleksjon om lokale utfordringar og misjonsbehov.

Vi treng ein plass der vi alle kan få vere ressursar for kvarandre og slik erkjenne at dei andre har noko å gi meg, fordi vi treng å sjå rikdommen i at kyrkja alltid er større enn min eigen bakgrunn, mine referansar og mine preferansar.