Ei nøtt til Trump

Ein blomehandlar illustrerer ei betydeleg utfordring for Donald Trump overfor konservative kristne.

Donald Trump vil gjere både konservative kristne og homorørsla til lags. Det kan vise seg vanskeleg.

Sist veke fall det ein dom i høgsterett i delstaten Washington på vestkysten av USA som illustrerer kvifor. Den kristne blomehandlaren Barronelle Stutzman (72) vart funnen skuldig i diskriminering av eit homofilt par.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den amerikanske grunnlova garanterer borgarane religionsfridom. Ein samrøystes domstolavviste likevel at Stutzman kunne avslå å levere blomar til eit homobryllaup i heimbyen Richland i 2013.

Blomehandlaren hadde grunngitt avslaget med at ho er overtydd om at ekteskapet er for éin mann og éi kvinne. Det ville bryte med overtydinga hennar å medverke til noko ho meiner bryt med Guds vilje. Derfor føreslo ho andre blomehandlarar i området som paret heller kunne spørje.

LES:Kristen jubel for Trumps kandidat til Høyesterett

Det gjorde paret Rob Ingersoll og Curt Freed, men dei ville ikkje akseptere at blomehandlaren hadde lov til å nekte å ta oppdraget.

– Domstolen stadfesta at vi er på den rette sida av lova og på den rette sida av historia, uttalar deiifølgje Seattle Times.

Blomehandlaren har allereie tapt i lågare rettsinstansar, men kallar avgjerda for «skremmande når du tenkjer på at styresmaktene kjem inn og fortel deg kva du skal tenkje og kva du skal gjere». I domen vert det avvist at det å medverke med blomar nødvendigvis inneber å legitimere homoekteskap.

Saman med advokatane sine har blomehandlaren varsla at ho vil be Høgsterett i USA ta opp saka. Dei uttrykkjer også håp om at Donald Trump vil kome med ein presidentordre, såkalla «excecutive order», om religionsfridom, noko han lova i valkampen.

Fleire kjende konservative kristne uttrykkjer djup uro for avgjerda i blomehandlarsaka. Frå før har ein hatt tilsvarande saker andre stader som gjeld fotografar og konditorar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Ei styresmakt som mobbar konservative til å delta og feire det samvitet deira ser som umoralsk, er ei styresmakt som kan gjere kva som helst»,skriv leiaren for Etikk- og trusfridomskommisjonen til Sørstatsbaptistane, Russell Moore, på Twitter.

LES OGSÅ:Vurderer å droppe «evangelikal»

Blomehandlarenvert kalla «kanarifuglen i kolgruva» av den redaktørRod Dreher i The American Conservative. I eit intervju med Dagen i haust argumenterte Dreher for at Vesten er inne i ein kulturell forfallsprosess som gjer at kristne ikkje bør ha håp om forandre samfunnet med politiske verkemiddel. I staden oppfordrar han til å trekkje seg tilbake og byggje andre former for fellesskap for å ta vare på trua og overleve i ei mørk tid.

Andre har meir tru på at det er mogeleg å oppnå politiske resultat med Trump som president.

«Amerikanarar som Barronnele Stutzman vart fleire gonger fortalt at omdefineringa av ekteskapet ikkje ville påverke livet deira. No, to år etter at domstolane tvinga dette sosiale eksperimentet på landet, vert familiar drivne frå verksemdene sine - og i dag, heimane sine - for å ønskje den same toleransen som venstresida preikar», skriv Tony Perkins, som leier den kristne lobbyorganisasjonenFamily Research Council,på Facebook-sida si.

FRC har no startaein underskriftskampanje for å få Trump til å signere den nemnde presidentordren som skal sikre religionsfridomen.

Ein lekkasje av eit utkast til ein slik ordre har allereie møtt motstandunder ei høyring i ein underkomité i Kongressen i Washington D. C. sist veke. Den nyleg avgåtte amerikanske ambassadøren for religionsfridom, rabbi David Saperstein, meiner forslaget kan kome til å vere problematisk i høve til grunnlova. Det gjeld - ikkje overraskande - saker om abort, ekteskap og seksualitet.

LES MER:Samlivsstrid såvidt begynt

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Både protestantiske og katolske organisasjonar som ønskjer seg ei klarare sikring av religionsfridomen, har på si side fleire gode ting å seie om forslaget. Det er likevel knyttfleire spørsmål til kor mykje det i praksis vil bety.

Presidenten har ikkje høve til å gi ein ordre som gjeld på delstatsplan, der konfliktsakene rundt homobryllaup har versert. Og slike vil det venteleg kome fleire av. Dessutan er dette eit felt der det er vanskeleg å få til kompromiss som det er brei og slitesterk semje om.

Visepresident Mike Pencesignerte i 2015 som guvernør i Indiana ei lov som skulle sikre religionsfridom langs dei linjene som konservative kristne talspersonar no krev. Det utløyste ein storm av protestar. Det førte til at Pence modererte lova.

Donald Trump lova i valkampen åvere ein «ekte ven» av LHBTI-miljøet. Kort etter valetfreda han homoekteskap, og han harvidareført andre sider av politikken overfor seksuelle minoritetar som Barack Obama fekk sterk kritikk for frå konservative kristne. Samstundes har Trump lova å sikre kristne trusfridom. Det er vanskeleg å sjå korleis han skal kunne lykkast med begge deler.

LES OGSÅ:Det kristne ansvaret for Trump