INGA UTFASING: KrF vil ikkje fase ut oljenæringa, slik enkelte andre tar til orde for, skriv Tore Storehaug.

Det KrF foreslår om olje- og gass

Dagen sin gjennomgang av nytt partiprogram gjer det naudsynt å forklare nærare kva programkomiteen har foreslått for neste år. Det er nok ikkje så enkelt som Selbekk gir inntrykk av.

Petroleumsverksemda på norsk sokkel har utvikla seg. Dei siste tiåra har storleiken på funna endra seg stort, det einaste unntaket er Johan Sverdrup-feltet. Når funna har blitt mindre har tida frå funn til produksjon blitt lengre. Der den var 6 år på 1970-talet er den no auka til 16 år. Med det vil inntektene frå næringa gå ned i dei kommande tiåra.

Innan 2030 vil 63 prosent av den gjenverande ressursane vere realisert, og innan 2040 er talet 84 prosent. Følgjene av dette er at norsk oljeproduksjon er i ein ny fase.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Petroleumsnæringa og leverandørindustrien i Noreg er leiande på teknologiutvikling og vil spele ei viktig rolle framover. Det er desse aktørane som har levert løysingane og handlemåten som gjer at norsk sokkel har blant dei lågaste utsleppa frå eigen oljeproduksjon, og bygd opp overskotet vi har kunne spare til framtidige generasjonar i oljefondet.

Frå storting og regjering har KrF spelt på lag med næringa for å nå desse felles måla og omstilling inn ei ny tid. Dette har vi gjort gjennom å gå inn for karbonfangst- og lagring der ein nyttar erfaringa nettopp frå petroleumsindustrien, når vi har sørga for effektive og elektriske løysingar på felta tilknytta Johan Sverdrup og når vi skal gripe moglegheitene både for hydrogen og havvind i tida framover.

I 2020 har vi både fått eit prisfall for olje på grunn av virusutbrotet og vi har forsterka våre forpliktingar i Parisavtalen. I område som ikkje er forhåndsdefinert kan kostnadane med petroleumsaktivetet vere høgare enn i områda der vi har ein utbygd infrastruktur i dag, dessutan viser erfaringane at det tar lengre tid å starte opp produksjon frå felt som ligg lågt frå eksisterande infrastruktur.

Derfor tar programforslaget til orde for å begrense framtidige lisenstildelingar til dei modne og minst risikable områda.

Med det seier vi ikkje at vi vil fase ut oljenæringa, slik enkelte andre tar til orde for, men vi skil mellom utbygde område og områda som er dyrast å bygge ut eller som har store naturverdiar.

Om ein les KrF sine tidelegare stortingsprogram følgjer det siste programutkastet seg godt i rekka. KrF har ville spele på lag med petroleumsnæring og leverandørindustrien for å sikre teknologiutvikling, og lønnsam og effektiv petroleumsverksemd.

Samstundes har partiet vore kritisk til utbygging i område som har særlege naturverdiar og ikkje minst var KrF åleine på stortinget om å stille spørsmål ved og kritisere når store statseigde selskap skulle halde fram oljeeventyret på andre sida av Atlanterhavet.

Eg meiner seinare tider sine avdekkingar og framsteg i det internasjonale klimaarbeidet har vist at denne linja har vore rett og god.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det nye programmet vil la næringa få føreseielege vilkår og vise vegen til omstilling. På den måten tar vi ansvar for klimaet, arbeidsplassane og kvarandre.