Dei sju kongane og noko meir

Mange vil vel seia at Jesus var frå det tredje riket, men det er feil.

Me les om dei i Op. 17. I mine augo er dette spennande, sjølv om me kan ta litt feil. Dette kjem frå englar, og det er sagt oss at det er vanskeleg. Eg har funne at desse kongane kjem frå det tredje rike.

Fem av dei er døde, eine er no, den andre er enno ikkje komen, og når han kjem skal han berre verta verande ei lita stund.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Går me til leksikon, finn me at Alexander den store var den første kongen, han var frå Makedonia. Så kjem Antiokus 2. frå Syria og Antiokus 3. Desse tre kongane er då døde.

Den som kom etter dei var Antiokus Epifanes 4, men han var levande då. Han kom i krig med Egypt og vart fanga av romarane. Eg tipper at han då var berre ungdommen, klok og vakker, den strålande vart han kalla. Lat oss seia under 20 år.

Me manglar to døde kongar. Etter mykje om og men har eg funne to. Den eine er barnet Jesus som er konge. Eg trur han vart fødd då Antiokus sat i fengsel i Rom. Den andre kan vel vere Antiokus 7. som falt i krig mot Parterne. De må ikkje sjå på årstala, for det er feil i lange banar.

Jesus døde då han var 33 år og då var Antiokus over 50. Reknar me då 10–12 år fram, så kan me vera då Johannes var på Patmos. Det var då læresveinane var spreidde til Tyrkia, Hellas og Italia. Antiokus var då mellom 60 og 70 år. Dette stemmer godt med Bibelen.

Ein er no, den andre er enno ikkje komen, og det var sonen han som var ei lita stund, Antiokus 5. Me finn noko i Luk. kapitel 2 at heile verda skulle skrivast i manntal, og Kvirinius var landshovding i Syria. Det var då Antiokus sat i fengsel, og kanskje det var han som kalla han til landshovding.

Mange vil vel seia at Jesus var frå det tredje riket, men det er feil.

Men det var slik at Rom var spreidd utover det tredje riket, for dette var ei svært uroleg tid. Det tredje riket var eit veldig sterkt dyr som åt og krasa, og var det noko att så vart det trakka ned med føtene. Det var det som hende på den tida.

Frå Makkabearboka (Krøniken) finn me att Antiokus Epifanes 4. Han var i krig mot Judas Makkabe, men der fekk han motstand. Dei mista mykje folk i krig mot Israel. Dette var andre gongen han var konge, då var han den sjette kongen i riket.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han reiste på ei hærferd til India, men der vart han sjuk og måtte skunda seg heim. Men han kom ikkje heim, han døydde oppi fjellet. Denne kongen skal koma att i frå avgrunnen, og då er han den åttande, men og ein av dei sju.

I Dan. 11, vers 40 les me at han skal koma att i endetida. Då har han vore konge tre gonger og får talet 666.

Første gongen var han den fjerde og får talet 4. Andre gongen var han den sjette og får talet 6. Når han no kjem er han den åttande og får talet 8. Legg me desse saman får me talet 18. Deler me dette likt på alle tre, så får dei 6 alle. Men det er ein og same mannen som får talet 666. Dette er antikrist som skal koma og laga vanskar for Guds folk.

Her må me skyna kva som er rett og godt. Han kjem før Jesus kjem ned skyene for å henta si brud.