Bøn for prestar ved eit årsskifte

Nyårsdagen har fått ein ny preiketekst dette året. Åtte dagar etter jul er framleis Jesus namnedag, og temaet har alltid krinsa rundt dette:

Jesu namn, og bøna i hans namn. I år (2016) kjem ein tredje dimensjon til: «Dersom to av dykk her på jorda blir samde om å be om noko, kva det enn er, skal dei får det av Far min i himmelen.» Det er sanneleg ei sjelesørgerisk utfordring å forkynna dette! I tillegg til å proklamera Jesu namn (= Herren frelser), er det bønhøyringa som står i fokus. Denne jula fekk eg to ting å fundera på. Det eine var at ein prest sa til nokre eg kjenner:

– Tidlegare, då eg var misjonær, fekk eg stadig høyra at menneske ba for meg. Somme kunne seia: – Eg bed for deg kvar dag! No når eg er prest i kyrkja, er det aldri nokon som seier noko slikt til meg...

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er å vona at somme bed for prestane utan at dei seier det til dei det gjeld. Like fullt er det truleg meir enn ein kjerne av sanning i utsegna. Det andre eg fekk veta er at vår lokale sokneprest har hatt nitten – 19! – gudstenester for barnehagar og skular i desember. Han sa det med glede i røysta. For alle var lydhøyre og engasjerte. Heller ikkje der skulane hadde sett seg nøydde til å følgja opp ordren om påmelding til gudstenestene, var det mulig å registrera svikt i frammøtet.

Og eg måtte fundera over det faktum at denne aktiviteten stort sett hadde gått under radaren min. Det skjer i ei parallell verd til folk flest sine kvardagar. Men kanskje set det avtrykk i unge menneskeborn som går heim og lærer foreldre og besteforeldre nye julesongar?

Fenomenet bekreftar det eg sjølv har opplevd som medfølgjande morfar på to klasseavslutningar – i eit av Fjell sine mest urbane strok, med direkte utsyn til Fløibanen. Vi fekk del i ei sterk og inntrykksfull formidling av vår kristne kultur si julefeiring. Takk til medvitne lærarar. Det er visst fleire av dykk enn vi får inntrykk av gjennom media! Begge opplevingane fekk meg – eg som er mellom dei to tredjepartane av folket som ikkje har gitt meg sjølv noko nyttårsforsett – til å tenkja. Det vart som eit forsett: Vi må takka for gode lærarar, trusformidlarar og prestar. Og så må vi be for dei. Be om at dei ikkje misser motet, men held ut i det viktige arbeidet.

Så kjem altså nyårsteksten og set to tjukke strekar under denne tanken. Gjer det gjerne saman med ein annan. Lovnader er knytt til slike bøner. Teksten er frå Matt 18, som i same avsnittet gjev eit anna døme på kva krefter som ligg i det som to eller tre er samde om. Her ser vi kva det vi kallar binde- og løysemakta er for noko: Den lyt stundom «binda» og ikkje frikjenna («løysa»), når det ikkje er vilje til oppgjer med synda. Men bøna i Jesu namn har open kanal til Far.

Lat oss be for prestar og forkynnarar i tider som kjem!