NY TID: – For oss er det er ei ny tid i familien. Transporttida er over. Vi treng ikkje bilen på same måte i kvardagen som vi gjorde då vi hadde små barn med mange aktivitetar. No kan vi klare kvardagen med kollektiv og sykkel på ein heilt annan måte enn før, skriv Anne Kristin Bruns-

Bilfrie historier gjev håp for andre

At ungdommar er dei som står fram og er opptekne av klimasituasjonen i verda gjev meg optimisme og håp om at vi kan klare endå meir, og nå dei klimamålene Stavanger kommune har sett seg med 80 prosent reduksjon innan 2030.

Skal vi verkeleg selge familiebilen? Klarer vi det? Ulike artiklar i media viser at det no er færre bilar på vegane og at fleire familiar vel å selge bilen og heller kjøpe el-sykkel eller el-bil, bruke kollektiv transport eller dele bilar med kvarandre.

Dette er svært gledelege nyhende, og ein klimavenleg trend. Viljen til endring er tilstades og når vi høyre fleire og fleire historier om at det faktisk er mogleg å ikkje ha. For oss er det er ei ny tid i familien. Transporttida er over. Vi treng ikkje bilen på same måte i kvardagen som vi gjorde då vi hadde små barn med mange aktivitetar. No kan vi klare kvardagen med kollektiv og sykkel på ein heilt annan måte enn før.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ja, vi har ein bil, ein el-bil, men den går ikkje særleg langt og skal vi verkeleg ut på tur og besøke slekt på Sunnmøre må vi enten dele med venner, eller bruke en bildelingsnettside som t.d nabobil.no. Eg har erfart at det er overraskande enkelt å bruke m.a nabobil når vi skal på lengre turar. Denne type deling av bilar er svært effektivt.

Ja, vi har gjort dette før. I 1996 selde vi bilen vår og kjøpte sykkelvogn til dei to små gutane våre. Når vi måtte kome oss eit stykke frå byen, tok vi enten taxi eller leigde ein «gammal» bil.

Dette var faktisk også mogleg, men det var ikkje heilt vanleg på den tida. Ein av grunnane for at vi etter ca eitt år kjøpte oss bil igjen var at kollektivtilbodet ut mot friområde var dårlege. Det var utfordrande å kome oss på tur ute i naturen. Her har vi framleis ein jobb å gjere.

KrF ønsker å legge tilrette for gode og trygge sykkelvegar, merking for sykkel i rundkjøringene, brumlefelt mellom bilbeltet og sykkelfeltet, godt kollektivtilbud i heile kommuna, hentebuss i bydelar der busstilbodet er svekka eller dårleg og ikkje minst det suksessrike tiltaket som hjem-jobb-hjem er.

Også på fylkesnivå vil KrF gje auka satsing på kollektivtransport og miljøvennlige transportløsninger. Vi vil vere ein pådrivar for videre utbygging av jernbane, og å gje spesielt barn og unge trafikksikker ferdsel til og frå skole og fritidsaktiviteter.

At ungdommar er dei som står fram og er oppteken av klimasituasjonen i verda gjev meg optimisme og håp om at vi kan klare endå meir, og nå dei klimamålene Stavanger kommune har sett seg med 80 prosent reduksjon innan 2030.

Det er gledeleg at det er færre bilar på vegane. Det har faktisk nytta å lytte til folket som i 2014 sa at no er det altfor lange og mange køar og kaos på vegane.

Då er det gledeleg at vi faktisk måler at biltrafikken går ned, og at dei som verkeleg treng bilen i kvardagen kjem seg fort fram.