FAMILIE: I ei tid med mange skilsmisser og brotne forhold, er det ekstra viktig å sikre bandet mellom barn og besteforeldre, skriv Britt Hagesæter. Illustrasjonsbilde: Fotolia.com

Barn treng besteforeldre

I ei tid med meir flytting og fleire samlivsbrot trengs fleire stabile omsorgspersonar. Besteforeldre er ei ressurs for familien, og må verdsetjast for det. Når foreldre nektar samværsrett, bør besteforeldra ha lovpålagt rett til samvær. Fordi barnebarna treng det.

Familien er den minste biologiske gruppa vi har i dag. Han er i dag under press. Tidspress. Kor mykje har det ikkje å seie at tanter og onklar, besteforeldre stiller opp? Hentar frå barnehage og skule, passar ungar, tar ei overnatting i ny og ne, inviterer til ein middag?

Besteforeldre har oftast betre tid. Dei kan bruke litt meir tid på praten, og kan hende høyrer dei litt betre etter sume gonger. Dei kan ta borna med på kyrkegarden og stelle graver, og fortelje litt om generasjonane før. Dei hugsar hendingar frå barndommen sin, og fortel om dei. Dei fortel om kor alt har endra seg, og lærer frå seg skikk og bruk, og kan hende ord og uttrykk som er spesielt for deira familie og bakgrunn. Dei kan lære bort kulturelle og religiøse tradisjonar, om 17.mai og jul, og være med å lære ungar å syngje eller spele instrument.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei har tid å ta med ungar til stranda og på fjellet, til barndomsheimen sin, og lære dei gamle turstigar.

Vi høyrer på Tore på sporet , og andre liknande program, og synest det er fint når nokon finn att slektningane sine. – Noko fall på plass, - Eg kjenner meg meir heil , - No forstår eg alt betre., er formuleringar vi høyrer i slike program. Dei formidlar lengselen etter å vite og kjenne slekta si, kven dei er, kven dei ættar frå. Dei manglar noko av identiteten sin, som dei finn att når dei har møtt sine. Ikkje alle har like mykje kontakt etterpå, men dei har fått nokre brikker som mangla på plass i livet sitt.

Nokre får ikkje kontakt med besteforeldre. Det kan vere brotne forhold eller skilsmisse, flytting eller at ein bur langt frå kvarandre. Men desse barna vil ofte kjenne på eit sakn, fordi dei misser noko i oppveksten sin. Det er noko med røter og tilhøyrsle som manglar.

Særleg vanskeleg er det når born nektar foreldra sine å ha kontakt med barneborna. Det kan ha vore tette og gode band, og så vart det full stopp. Ikkje fordi besteforeldre mishandla eller misbrukte barna, men fordi foreldra sa nei. Dersom foreldra nektar, kan dei med loven i hand nekte samvær mellom barnebarn og besteforeldre. Slik er det i Noreg og ein del andre land, medan det i Belgia, Tyskland, England og USA er det på ulike måtar lovregulert at barn skal ha kontakt med foreldra sine foreldre.

Når det før har vore tette og gode band, vert det vanskeleg for alle partar. Barna saknar kontakten, samværet og omtanken. Dei skjønar ikkje grunnen til brotet, til at det plutseleg er farleg å vere saman med dei som før var så nær. Dei skjønar slett ikkje at besteforeldra, som var gode omsorgspersonar før, no er persona non grata. Det vert ei sorg dei ikkje får hjelp til å handsama, når foreldre ikkje vil ha kontakt. Når foreldra seier at bestemor og bestefar ikkje lenger bryr seg.

Besteforeldra har si sorg, sitt sakn, si smerte. Rommet, leikane, dei ekstra klede og sko, merkedagane, gåvene som vert returnert..

Barn har vanligvis godt av å ha kontakt med besteforeldra sine. Dei får kontakt med røtene sine, både sosialt, kulturelt, språkleg og etnisk. I ei tid med mange skilsmisser og brotne forhold, er det ekstra viktig å sikre bandet mellom barn og besteforeldre. Når tilhøvet mellom barn og foreldre låser seg, er det greitt å ha ei lov å halde seg til. Eg meiner det er rett å lovfeste samvær mellom barnebarn og foreldre. For komande generasjonar si skuld.


Artikkelen fortsetter under annonsen.

Bli med i debatten!

For å kunne kommentere artikler på DagensDebatt.no - og for å kunne starte nye debatter, må du må være registrert - og innlogget - på Facebook

I tillegg må du registere deg som bruker av DagensDebatt.no. Trykk på «registrer deg» øverst til høyre på denne siden.

Her finner du de enkle debattreglene våre.

-----

TIPS OSS om saker / temaer du vil at vi i Dagen skal skrive om: redaksjonen@dagen.no

Få nyhetsbrev fra Vebjørn Selbekk:
« Hver dag sender jeg deg noen utvalgte saker og debatter som jeg mener at du bør lese! Klikk her for å melde deg på det daglige nyhetsbrevet»

-----

Ukentlig nyhetsbrev: Få noen av de viktigste nyhetssakene og debattene rett i epostkassen. Meld deg på her!

*** Prøv Dagen i 1 måned for bare 1 krone.

* Følg gjerne Dagen på Facebook