KVALITET: Foreldre og andre har ofte eit stort engasjement for å betre kvaliteten i skulen og barnehagen. Slik er det diverre ikkje for barneverntenesta, skriv Inga Bejer Engh. På biletet ser vi statsminister Erna Solberg (H) og barneminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF). 


Barn fortener eit betre barnevern

Eg er glad for at eit betre barnevern er høgt oppe på ­agendaen til statsråden. Men komplekse arbeidsoppgåver krev òg god bemanning, ikkje berre auka kompetanse.

Barneombodet har valt ut fire satsingsområde for dei neste tre åra. Å betre situasjonen for barn og unge i barnevernet, er eit av dei.

VI treng eit løft i barnevernet. Dei siste åra har barnevernet fått fleire oppgåver, og talet på bekymringsmeldingar aukar. Tilsynsrapportar og utgreiingar viser nedslåande forhold. Eg vil jobbe for to ting: Å styrke kompetansen og ressursane i barnevernet, og at barn under omsorg av barnevernet skal få riktige tiltak med god kvalitet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For å få til dette, må både staten og kommunane gjere meir enn i dag.

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad meiner barnevernet treng å auke kompetansen. Barnevernet har ofte saker der barn og familiar har samansette problem. Men i motsetning til i barnehagen og skulen, finst det i dag korkje kompetansekrav eller bemanningsnorm. Eg er glad for at eit betre barnevern er høgt oppe på agendaen til statsråden. Men komplekse arbeidsoppgåver krev òg god bemanning, ikkje berre auka kompetanse.

Ein rapport frå VID Høgskole viser at barnevernstilsette sjølv meiner at ei handterbar arbeidsmengde kan gi eit meir forsvarleg barnevern. De tilsette har sett i gang kampanjen #heierna for å vise politikarane kor skoen trykker. Bodskapet er at fleire hender gir eit betre barnevern.

Låg bemanning betyr at bekymringsmeldingar ikkje blir godt nok følgde opp, og at barn blir verande i uhaldbare heimesituasjonar for lenge. Bekymringsmeldingar er tidkrevjande. Ofte finst det berre eit lite teikn om at noko er feil heime, eit teikn det tar tid og tolmod å følge opp. Barn treng trygge og stabile vaksne for å dele. Den høge turnoveren blant tilsettegjer dette vanskeleg.

Ein stor gjennomgang av barnevernssaker frå Helsetilsynet i år viste at opplysningar frå barn knytt til vald og omsorgssvikt, ikkje blei følgt opp slik dei skulle. At barn ikkje blei snakka med, eller ikkje ble snakka med på en god måte, gjekk òg igjen som ein svikt i sakane som Barnevaldsutvalet gjekk gjennom for få år sidan (NOU 2017:12). Utvalet fann dårleg kvalitet i arbeidet med barn utsette for vald, seksuelle overgrep og omsorgssvikt, og store variasjonar frå kommune til kommune.

Er mangelen på bemanningsnorm svaret på kvifor barnevernet ofte tapar når kommunen skal prioritere? Det veit eg ikkje. Men bemanningsnorm eller ikkje - kommunane må sørge for at barnevernet faktisk er i stand til å gjere jobben sin.

Kommunestyret har det overordna ansvaret for å kontrollere tenestene i sin kommune. Rådmannen er ansvarleg for at tenestene er i tråd med dei krava som er sett i lov, forskrifter og instruksar. Eg er ikkje sikker på at alle kommunane tar dette ansvaret i dag.

Foreldre og andre har ofte eit stort engasjement for å betre kvaliteten i skulen og barnehagen. Slik er det diverre ikkje for barneverntenesta. Dei sårbare barna i barnevernet har ikkje høve til å heve stemma i det offentlege rom på same måten. I mangel av desse stemmene må våre politikarar sørge for at tenestene til eikvar tid held den kvaliteten vi kan forvente.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ja, eit godt barnevern kostar pengar. Men det gjer òg øydelagde liv. Førebyggande arbeid og tidleg innsats er ikkje berre flosklar. Eg forventar at kommunane følger opp. Vi er nøydde til å lukkast betre på dette enn vi gjer i dag.